Kva arbeider PPT-kontoret med?
Flora PPT yter tenester til barn, unge og vaksne med slike vanskar:
- Fagvanskar (lese- /skrive, språk, talevanskar, tospråklege vanskar)
- Skulefråvær og isolasjon
- Angst, usikkerhet, mistrivsel, mobbing og sorg
- Funksjonshemmingar av ulike slag (syn, hørsel og andre fysiske funksjonshemmingar)
- Familievanskar, rus, oppsedingsvanskar
- Overgang mellom barnehage, skule og arbeidsliv
- Klassemiljø
- Sakkunnig i høve til Opplæringslova
Korleis arbeider ein ved PPT
Flora PPT vil greie ut og undersøke barn, unge og vaksne med ulike vanskar og problem.
Ein nyttar då t.d:
- Testar
- Observasjon
- Kartlegging
- Intervju
- Samtale
PPT utfører rådgjeving direkte til barn og unge. Rådgjeving blir gjeve til undervisningspersonalet i skular og barnehagar, og til foreldre/føresette.
Flora PPT nyttar seg av ulike møteformer som ansvarsgruppe, samarbeidsmøte og faggrupper.
Til ungdom og elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring nyttar ein støttesamtalar i arbeidet med å hjelpe og gje råd.
Administrasjon/PPT har eige styre med representantar frå Flora kommune og fylkeskommunen
Kontakt:
Hans Blomgate 5, 3.etg
Tlf: 57 75 61 26
Faks: 57 75 68 92
E-post: PPT@flora.kommune.no