Båtar i hamna

Avfall og gjenvinning

Alle private husstandar i Flora kommune er del av renovasjonsordninga i kommunen. Matavfall, restavfall og plast- og papiravfall vert henta av oss. 

I vår renovasjonskalender finn du oversikt på kor tid bosset vert henta hos deg, og kva dag i veka hentinga skjer. Det er viktig at behaldaren er satt fram innan kl. 07:00 dagen bosset skal hentast. Grå stripe er for restavfall, brun stripe er for matavfall, og blå stripe for papiravfall. Dersom blå og brun stripe er på same dag hentar vi også plastavfallet ditt.

Renovasjonskalender / Ulike soner

Flora kommune er delt inn i ulike soner med forskjellige farger. Sone 1 – 5 er for sentrumsområda, og sone 6 – 9 er for distriktet. Du finn meir informasjon om inndelinga på side 3 i renovasjonskalenderen. I renovasjonskalenderen finn du også informasjon om kontaktpersonar for renovasjon på øyane.

Bytte bossdunkar

Dersom du ønskjer å bytte defekte behaldarar kan du bestille nye ved å bruke vårt elektroniske skjema, eller ringe Informasjon og service på tlf. 57756000. Dersom behaldar er defekt betalar du ikkje for dette.

Viss du har behov for større/mindre behaldarar av ulike årsaker kan du gjere det på same måten, men det vert då endring i gebyret du betalar. 

Renovasjonsgebyr

Gebyret du betalar for renovasjonsordninga er avhengig av storleik på behaldarane. Prisane for dette finn du i vårt gebyrregulativ.

Større mengdar avfall

Avfall frå hushaldningar som grunna storleik eller form som ikkje kan plasserast i behaldar for restavfall kan du levere til SAR på Botnaneset. Her må du betale gebyr etter kva type avfall du skal levere.

Opningstida hjå SAR er kl. 08:00 – 15:30 i kvardagar (stengd mellom 11:30 – 12:00). Du kan kontakte SAR på tlf. 57 75 26 00 dersom du lurar på noko. 

Gjenbruksstasjon

Nærtenesten driftar gjenbruksstasjonen/bruktbutikken som er lokalisert i Hamregata 17. Her kan du levere møblar, inventar, kvitevarer og meir som kan ha bruks- eller nytteverdi for andre. Dette må vere gjenstandar som kan seljast ut att i bruktbutikken. 

Treng du hjelp til transport av gjenstandane kan du kontakte Nærtenesten direkte på tlf. 48 29 22 22.

Opningstider mottak for gjenbruk:

Gjenbruksstasjon Frå: Til:
Måndag 08:00 16:00
Tysdag 08:00 16:00
Onsdag 08:00 16:00
Torsdag 07:00 19:00
Fredag 08:00 16:00

Opningstider bruktbutikk:

Bruktbutikk Frå: Til:
Måndag 12:00 16:00
Tysdag 12:00 16:00
Onsdag 12:00 16:00
Torsdag 12:00 19:00
Fredag 12:00 16:00


Miljøstasjonar

Avfall skal anten leverast til miljøstasjonar eller direkte til forhandlar (elektrisk og elektronisk avfall). 

Glas- og metallembalasje og spesialavfall må leverast til ein miljøstasjon. Her finn du dei:

  • Amfisenteret
  • Rema 1000, Evja
  • Kaia i Stavang
  • E. Sundal Landhandel i Norddalsfjord
  • Eikefjord sentrum (havna)

OBS! Nøkkel til miljøstasjonane på Amfisenteret og Rema 1000 på Evja får du utlevert i kassa til Rema 1000 på begge stadene. 

Spesialavfall kan vere:

  • Alle typer olje- og oljerestar, motorolje, spillolje og  smørolje
  • Tynnarar, terpentin, whitespirit
  • Maling, lakk, beis og lim, og restar av desse produkta
  • Oppladbare batteriar og andre batteriar som inneheld kadmium
  • Plantevernmidlar og soppmidlar
  • Gamle brannslukkingsapparat (kan leverast anten i miljøkontainer eller hjå SAR)

Inntørka maling / tomme malingsboksar er ikkje spesialavfall og kan leggast i lag med restavfallet.