Flora kommune
Turistinformasjon  Om Flora   Flytte hit?   Lag og organisasjonar   Ledig stilling   Postliste   Nettstadkart 
 
Flora kommune - space
TENESTER
  Du er her: Om Flora
  søkeknapp
Flora kommune - space
Flora kommune - space
Avfall og gjenvinning
Barnehage
Barn og familie
Brann og beredskap
Bygg og eigedom
Gebyr 2010
Hamn
Helse
Internasjonalt
Kart
Kulturskule
Kultur og Fritid
Landbruk
Miljø
Næring
Pleie og omsorg
Skatt og avgift
Skule og utdanning
Sosiale tenester
Vatn og avløp
Veg og parkering
Flora kommune - spaceEnglishspaceGermanFlora kommune - space

Om Flora



 

Flora kommune ligg heilt ute ved kysten av Sogn og Fjordane og har om lag 11 300 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til havet i vest.

Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyer og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltopparog stille vatn. Kommunen er eit eldorado for naturopplevingar, båtliv, jakt og fiske.

Flora er Noreg sin vestlegaste by, med bysentrum Florø. Byen vart etablert i 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen i byvåpenet.

Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling. Kommunen er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet - og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.

Her finn du eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Idrettshall, symjehall, fotballbaner, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar. På sagaøya Kinn kan du kvart år oppleve Kinnaspelet. Sildebord og rockefestival er andre trivelege aktivitetar å få med seg. Helleristningane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.

Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustri og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet. 

Kommunen har gode kommunikasjonar både internt med buss/båtruter og med omverda.Her er direkte flyruter til Oslo og Bergen, ekspressbåtar og ekspressbussar. Hurtigruta har og stoppestad i Florø. Det er enkelt å reise hit.

Film om Flora: Kort versjon   Lang versjon 

Velkomen til oss som gjest eller ny innbyggjar !  
 

 

publisert - 05.06.2008

Utskriftsvenleg versjon    Tips ein ven
 
BYJUBILEUM
Byjubileum
AKTUELT NO
pil Kulturmidlar
pil Kulturmeny februar
pil Kystpuls
pil Aktive Flora
KJØP BILLETT PÅ NETT
Klikk for å kjøpe billett
SJØLVBETENING
pil Bestill legetime
pil Byggesøknad på nett
pil Kart på nett
pil Mi side
pil Nettbibliotek
pil Skjema
pil Søk på ledig stilling
pil Kompetanseregistrering
DIALOG
pil Kontakt tenestetorget
pil Kontakt tilsette
pil Nettprat
pil Send SMS
pil Ofte stilte spørsmål
LOKALDEMOKRATI
pil Møt ordføraren
pil Politisk styring
pil Møteplan og saker
pil Oversyn folkevalde
pil Politiske parti
pil For folkevalde
pil Ungdommens bystyre
space
Markegata 51 - 6900 Florø  - : 57 75 60 00   postmottak@flora.kommune.no