Offentlege styresmakter sitt ansvar for kulturverksemd er lovfesta gjennom innføring av Kulturlova med verknad frå 01.08.07. Frå før av er både kulturskule (§13-6 i grunnskulelova) og folkebibliotek lovfesta.
- Det er stor satsing på barne- og ungdomskultur gjennom kulturskulen og ungdomskulturhuset Haffen, i tillegg til at mange av skulane satsar bevisst på kultur med små og store kultursatsingar og program. Flora kommune sitt budsjett og handlingsprogram for kultursektoren i 2009 finn du her (frå side 31)
- Flora kommune er MOT-kommune
- Flora kommune er engasjert i Dans-uten-grenser
- Flora driv internasjonalt ungdomsssamarbeid gjennom eigen avtale mellom Ungdommens bystyre og Nkhotakota Youth Organisation i Malawi
- Flora er festivalbyen med festivalsesong som startar i byrjinga av mai og går langt ut på hausten - marknadsført gjennom Aktive Flora
- Flora har ein rik skog av lag og organisasjonar
- Flora har eit aktivt og moderne kulturhus, Flora Samfunnshus, med bibliotek, kino og rom for mange og varierte kulturarrangement
- Flora satsar på å bruke kulturminna m.a. som ein del av Fjordkysten og reiselivssatsinga. I Ausevik er Vestnorsk Bergkunstsenter under planlegging, og der 1. byggesteg vert sluttført i juni 2009 med sanitærbygg, stiar, skilting, publikumsrampe. Veteranbåtmiljøet er godt representert gjennom Atløy og Svanhild. Middelalderkyrkja Kinnkyrkja er sentrum for det årlege Kinnaspelet. Kystmuseet for Sogn og Fjordane ligg i Florø. I Kulturhistorisk leksikon kan du lese meir.
- Byen feirar 150 års jubileum i 2010
- Oversikt over kulturarrangement i kommunen finn du på Kystpuls og Kulturnett Sogn og Fjordane
Flora vart i 2005 kåra til Kulturkommunen i Sogn og Fjordane, og var mellom dei tre kommunane som vart nominert til ”Noregs Kulturkommune” av Norsk Kulturforum. Bakgrunnen for dette var ei sterk satsting på kultur i Flora, både av kommunen, men òg gjennom mange store og aktive frivillige organisasjonar og dyktige arrangørar.
Kontakt:
Kultur og fritid
Flora Samfunnshus, Markegata 51/postboks 13
6900 Florø
Kultursjef: Anita Solbakken e-post anita.solbakken@flora.kommune.no
tlf 57 75 60 44 / 41 53 01 26
Kulturhusleiar og MOT-kontakt: Ingvar Hopland e-post ingavar.hopland@flora.kommune.no
tlf 57 75 60 49 / 41 53 49 41
Ungdomsleiar: Inger Fuglesang e-post inger.fuglesang@flora.kommune.no
tlf 57 75 60 46 / 41 53 49 42
Biblioteksjef: Eli Eidsvik e-post eli.eidsvik@flora.kommune.no
tlf 57 75 60 54
Prosjektleiar byjubileet 2010: Edvin Helgheim e-post edvin.helgheim@flora.kommune.no
tlf 57 75 60 45 / 41 53 49 43