Det kommunale fritidstilbodet for ungdom er i hovudsak lokalisert til ungdomskulturhuset Haffen, Torggata 1.
Tilbod på Haffen
Kafègruppe, Dans utan grenser, Variabelt tal band, DJ-gruppe og Haffenråd.
I tillegg driv Eikefjord ungdomslag ein fritidsklubb for ungdom mellom 13 - 19 år. Opningstider: Fredag kl. 20.00 - 24.00 og søndag kl. 19.00 - 22.00. For meir informasjon sjå eikefjord.net.
Opningstider
|
Måndag |
1830-2130 |
|
Open kveld |
|
Onsdag |
1830-2130 |
|
Open kveld/temakveldar |
|
Fredag |
1930-2330 |
|
Diskotek, kvar 3. fredag |
|
Laurdag |
1300-1600 |
|
Kafé (open for alle aldersgrupper) |
-
Det er to øvingsrom som 8 - 10 band disponerer etter avtale, og mot eigenbetaling.
-
Haffen tilbyr enkel instruksjon innan samspel, gitar og trommer.
-
Leiar DJ-gruppa gjev opplæring i DJ-ing.
-
Spel: Biljard, bordtennis, fotballspel og dansematter. Gratis internett i kafèen.
-
I Haffenrådet sit representantar frå brukarane av huset.
-
Faste arrangement: Julerock, 16. mai, nyttårsball.
-
Haffen sine lokaler kan leigast ut til fester, konfirmasjon, konsertar m.m.
Elles støttar Flora kommune grendalag som driv med ungdomsklubbar, og lag og organisasjonar som arbeider med ungdom.
Flora kommune har vedteke å bli MOTkommune.
MOT betyr blant anna.: -mot til å seie nei , -mot til å leve, og -mot til å bry seg.
Haffen sin ståstad:
Haffen stiller ikkje krav til ungdommane sin ideologi, ferdigheter eller interesser. Huset skal vere eit supplement til frivillige organisasjonar.
Haffen skal vere gje eit uforpliktande tilbod om samvær og aktvitetar innafor rammer som skal vere rusfrie og haldningsskapande, og som skal stimulere til aktivitet.
Gjennom kulturaktivitetar som å spele i band, dans og drama, kan ungdommane utvikle seg frå å vere passive forbrukarar til aktive utøvarar. Vi håpet at aktivitetane kan ha stor verdi for den enkelte som kan gje positive ringverknader i nærmiljøet. Dei vaksne som er tilstades, skal hjelpe unge til å bruke ressursane sine og meistre kommunikasjon og samspel.
Ungdommens bystyre
Ungdommens bystyre (UB) er samansett av 21 representantar. 12 av desse er valde av elevane på ungdomsskulane og Flora Vidaregåande skule. 9 er valde på frie lister etter same modell som ved ordinære kommuneval.
UB skal ”gje ungdom opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, gje dei høve til å påverke sin eigen livssituasjon og gje betre sakshandsaming og betre grunnlag for politiske vedtak som vedgår ungdom", ifølgje vedtektene.
Ungdommens Bystyre har kr. 50.000 som dei kan fordele etter søknad, eller bruke pengane på eigne arrangement. For meir informasjon ta kontakt med ungdomsleiar. Midlane blir utdelte om hausten. UB har representantar i bystyret og dei politiske utvala, der dei har talerett og forslagsrett.
Besøksadresse dagtid: Kulturkontoret, Flora Samfunnshus
Besøksadresse kveldstid: Torggata 1
Postadr.: Markegata 51, 6901 Florø
Tlf.: 57 75 60 46 / 41 53 49 42
E-post: inger.fuglesang@flora.kommune.no