Flora kommune
Turistinformasjon  Om Flora   Flytte hit?   Lag og organisasjonar   Ledig stilling   Postliste   Nettstadkart 
 
Flora kommune - space
TENESTER
  Du er her: Kultur og Fritid  » Historie/forminne
  søkeknapp
Flora kommune - space
Flora kommune - space
Avfall og gjenvinning
Barnehage
Barn og familie
Brann og beredskap
Bustad og eigedom
Gebyr 2010
Hamn
Helse
Internasjonalt
Kart
Kulturskule
Kultur og Fritid
Aktive Flora
+Bibliotek
Eldre/Havglytt
Flora samfunnshus
Friluftsliv
Symjehall
-Historie/forminne
Ausevik
Flora før og no
Idrett
Turboktrimmen
Rullering plan
Kino
Ungdomstilbod
Musikkbingen
Kulturell skulesekk
Skulpturar i Florø
Kulturpris
Kystmuseet
+Lag/organisasjoner
Tilskotsordningar
Landbruk
Miljø
Næring
Pleie og omsorg
Skatt og avgift
Skule og utdanning
Sosiale tenester
Vatn og avløp
Veg og parkering
Flora kommune - spaceEnglishspaceGermanFlora kommune - space

Historie og forminne


Flora kommune har ei rik historie og mange kulturminne.


 

SvanhildNytt historieverk for Flora. Det er sett i gang arbeid med nytt historieverk for Flora. Midlane vart lagt inn på investeringsbudsjettet frå 2009, og ligg inn med faste beløp kvart år i økonomiplanen. Etter offentleg utlysing i 2009 fekk Selja Forlag arbeidet med å lage verket, som er planlagt i to bind på ca 500 sider kvart. Forlaget har engasjert historikar Gaute Losnegård frå Fjaler til å skrive verket. Første bind, som skal gå fram til 1860, skal vere ferdig hausten 2012, og då startar arbeidet med bind 2 opp straks.

ANDRE HISTORIEBØKER FRÅ FLORA:

1999: Harald J.Stavang: ”FLORA. Kulturhistorisk vegvisar” (Selja Forlag 1999). Flora kommune tok initiativet overfor forlaget og støtta boka økonomisk. Boka kan enno kjøpast i bokhandelen.

I 2001 kom ”Skjønn er du by. Songbok for Flora-folk” som vi sjølve gav ut.
Boka var ein presentasjon av hyllingssongar til Florø og Flora, og med boka følgde ei CD-plate der kora i Flora syng nokre av songane i boka. Boka (med CD-plate) kan kjøpast på kulturkontoret eller hos Økland Libris.

Malvin Toft har skrive ei rekke bøker om båtar på Selja Forlag, åleine eller i lag med andre:
- Båtar med sjel (2002)
- Havet tok (2003)
- Sildeeventyret (2004)
- Båtar med sjel II (2007)
- Båtar med sjel III (2009)

Trond Strømgren har skrive ei rekke historiebøker med utgangspunkt i Batalden utgjeve på sitt eige forlag, Stromgren Publishing. Bøkene har engelsk samandrag
- Øysamfunnet Batalden bind 1: Natur, butsetnad og levesett (2004)
- - Bind 2A:Fiskrei (2006)
- - Bind 2B: Forlis og utvandring (2008)
- Sild og potet + engelsk utgåve: Survival (2007)
- Fantastiske Flora / norsk og engelsk utgåve (2010)

Magnus Helge Torvanger og Trond Strømgren gav i 2001 ut ”M/S Atløy” (Selja). Torvanger har elles skrive bøker med stoff om fiskerederi (Fiskebas) og bedrifter (m.a. boka om Ankerløkken som kjem i 2010). I 2009 kom boka om Fylkesbaatane, og i 2000 gav han ut ”101 Fjordabåtar – Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1958-2000” (Selja)

Andre: Det har elles kome ut ei rekke meir lokale historiebøker og slektshistorier frå ulike delar av kommunen. Høyr på bokhandelen eller biblioteket

Jubileumsbøker 2010
-          Ein dag i Flora 09.06.09 (Firdaposten)
-          Florø 150 år – kysfotograf Malvin Horne (Hornearkivet
-          Hilsen fra Florø. Postkort frå gamle Florø og Kinn (Bjarte Sindre)
-          Fantastiske Flora (Trond Strømgren)
-          Tre generasjonars Florøfotografar (Kystmuseet
-          Gripen av havfolket/Robert A. Robinson (Kystmuseet)

Flora Historielag gjev ut historietidsskiftet ”Flora-minne” i november/desember kvart år. Alle medlemmer får tidsskriftet. Elles kan det kjøpast på Økland Libris eller direkte frå historielaget.

Flora Historielag vart skipa 28.mars 2001. Laget skal skape interesse for historie og ættegransking i Flora, samle inn og gje ut historisk materiell ,m.a. gjennom det årlege tidsskiftet ”Flora-minne”. Leiar i laget er Øyvind KLeiven.  I skriftstyret sit Grete Stavø og Reidar Brandsberg, Harald J.Stavang og Jostein Midtbø.

Saman med Vestkysten Reiseliv og Florø Sentrum fekk vi i 2000 sett opp skilt på dei fleste av de eldre husa i Strandgata. Skilta fortel historia til kvart hus på norsk og engelsk, og sentralt i gata er det òg sett opp eit oversynsskilt med kart som òg fortel historia til gata og bysentrum.

Sjøhusmurane i Batalden var i 1998 årets kulturminne i Flora. Vi støtta ein omfattande presentasjon av sjøhusmurane utført av Batalden skule og Trond Strømgren. Les meir i Kulturhistorisk atlas og leksikon.

Kinn Kyrkje
– er eit av dei viktigaste kulturminna i Flora. Kyrkja er no under reaturering med støtte frå Riksantikvaren. Kvart år blir det arrangert sogespelet "Songen ved det stor djup",  Kinnaspelet.

Ausevik Helleristningsfelt

Stakaldeneset - Utvinning av diabas-reiskapar gjennom 4000 år.

Fotoinnsamling. Det er samla inn ein del bilde frå Flora som er utlagde på fotosidene til Fylkesarkivet.  

Stadnamn. Flora fullførde i 2002 innsamlinga av stadnamn for heile kommunen. Dei vil etter kvart bli lagde ut på sidene til  Fylkesarkivet

Einar Seim. Vi har fått 70.000 kr av Kulturrådet for å lage eit forprosjekt for å sjå om vi kan gje ut skrifter etter Einar Seim. Særleg gjeld dette reisdagbøkene hans Shetland. Meir presentasjon kjem.

Veteranbåtar:
Galeasen Svanhild
Atløy

Flora Historielag vart skipa 28.mars 2001. Laget skal skape interesse for historie og ættegransking i Flora, samle inn og gje ut historisk materiell ,m.a. gjennom det årlege tidsskiftet ”Flora-minne”. Leiar i laget er Jostein Midtbø.  I skriftstyret sit Bjørn Fjellheim, Anders J.Moen  , og John Aarøenes.

Viktige lenker:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Kulturhistorisk atlas og leksikon 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Riksarkivet
Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Landslaget for lokalhistorie
Forbundet Kysten 

 

publisert - 31.05.2010

Utskriftsvenleg versjon    Tips ein ven
 
BYJUBILEUM
Byjubileum
AKTUELT NO
pil Kystvegkonferansen 2010
pil Ledige stillingar
pil Sentrumsplanen
pil Kulturmeny september
pil Kystpuls
pil Aktive Flora
KJØP BILLETT PÅ NETT
Klikk for å kjøpe billett
SJØLVBETENING
pil Bestill legetime
pil Byggesøknad på nett
pil Kart på nett
pil Mi side
pil Nettbibliotek
pil Skjema
pil Søk på ledig stilling
pil Kompetanseregistrering
DIALOG
pil Kontakt tenestetorget
pil Kontakt tilsette
pil Nettprat
pil Send SMS
pil Ofte stilte spørsmål
LOKALDEMOKRATI
pil Møt ordføraren
pil Politisk styring
pil Møteplan og saker
pil Oversyn folkevalde
pil Politiske parti
pil For folkevalde
pil Ungdommens bystyre
space
Markegata 51 - 6900 Florø  - : 57 75 60 00   postmottak@flora.kommune.no