Fellesadministrasjonen for Omsorgstenesta i Flora er for tida lokalisert på Rådhuset
Her finn du fellesadministrasjonen med fagstab - og med pleie- og omsorgssjef Norunn Stavø som overordna leiar.
Kommunen har ansvar for å syte for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det.
I Flora kommune er dette basert på heimeteneste, bu- og miljøteneste og institusjonsteneste, og med prinsipp om eigenomsorg som felles fokusområde. I praksis kjem dette til uttrykk gjennom at det – så langt som mogeleg – skal leggast til rette for nødvendig omsorgsteneste i eigen heim. Når dette ikkje lenger er mogeleg, skal institusjonsomsorg vere eit trygt alternativ.
Tenestene er inndelt i 11 ulike einingar – kvar med sin avdelingsleiar. Omsorgstenesta har ca 500 tilsette med variert og høg kompetanse på ei rekkje fagområder. På denne sida kan du lese meir om dei ulike avdelingane, og deira særskilde tenesteområde.
Søknad om ulike tenestetilbod vert behovsvurdert og tildelt av Tildelingsnemda - her finn du Søknadsskjema som skal nyttast for alle typar tenester.
Kontaktinformasjon:
Strandgt. 30 – 4.etg
Sentralbord: 57 75 60 00