Prøv nettprat og få svar med det same. Klikk på biletet nedanfor og deretter på start. Du vil då automatisk bli kopla opp mot ein av oss på Tenestetorget.
Kva er nettprat?
Å nytte nettprat vert om lag det same som å snakke med nokon, berre at du skriv på tastaturet i staden for å bruke stemma. Nettprat er eit tilbod til deg som ønskjer å få kontakt med kommunen straks for hjelp med kommunal informasjon og kommunale tenester. Har du spørsmål som krev lange, utfyllande svar, vil det vere best å nytte e-mail, postmottak@flora.kommune.no , evt. ringe 57756000 og få snakke med ein sakshandsamar.
Korleis fungerer det?
Vel ”Klikk for nettprat”, og du møter ein kontaktperson ved Tenestetorget i Flora kommune. Du vil få opp eit vindauge der du kan skrive spørsmålet ditt. Dersom alle sakshandsamarar er opptekne, kan du vente til ein av dei vert ledige. I så fall vil du få beskjed om kor lang ventetida kan verte, og at du kan ”legge ned vindauget” med nettpraten. Straks ein person er klar til å prate med deg, sprett vindauget opp att og vert aktivt på din PC. Dersom den du pratar med ikkje kan svare, vil du verte sendt vidare til ein annan sakshandsamar.
Dersom vi ikkje er tilgjengelege
Dersom ingen sakshandsamar er tilgjengeleg, kan du velge å legge igjen ein beskjed og få svar på e-post, sms eller telefon. Vi svarar deg snarast råd i normal opningstid for Tenestetorget.
Legg du igjen ein beskjed om å få tilbakemelding på e-post, vil avsendaradressa vere noreply@sentinel.no. Du kan ikkje svare på denne e-posten.
Kopi av dialogen
Når nettpraten er ferdig, kan du velge å oppgje ei e-postadresse og få tilsendt heile dialogen til denne e-posten.