Fame på Torvmyrane
Torvmyrane skule har laga eigen regi og koreografi på musikalen Fame, som skal visast torsdag 11.februar kl.16.00 og 18.00 på Flora Samfunnshus
|

(full størrelse)
|
| |
Vi er godt i gang med øving, og publikum kan gle seg til ei flott og fargerik framsyning. Her vil alle vere aktørar, barn frå både barnehage og skule opptrer med kor- og solosang, og dans i ulike variantar. Vi kan by på noko for einkvar smak. Torvmyrane skule har hatt to store framføringar tidlegare, den siste var ”Sirkus Torvmyrano” i 2006. Med denne framsyninga av Fame vil vi vere med på å innleie opptakten til feiringa av 150 års jubileet til Florø by.
Billettar får du på www.florasamfunnshus.no eller Tenestetorget tlf 57756000 |
| |
publisert - 02.02.2010Utskriftsvenleg versjon
Tips ein ven |
|
| |
|