I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen §12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter §12-3 - privat forslag til reguleringsplan/detaljplan. Aktuelt planområde er del av gbnr. 88/3, Hopen i Flora kommune. Tiltakshaver for planarbeidet er Kjell Svidal.
Det er tenkt tilrettelegging for bustader med tilhøyrande anlegg (m.a. tilkomst, leik og fellesområder), og for naust/flytebrygger. Fylkesveg 543 passerer planområdet. Bustadene er tenkt lokalisert på nordsida av fylkesvegen. Det vil og bli vurdert lokalisering av eit par bustader på sørsida av vegen. Ellers er området på sørsida av fylkesvegen tenkt disponert til naust og evt. flytebrygger.
I kommuneplanens arealdel er aktuelt planmoråde avsett til bustader. Sjøområdene i denne delen av Høydalsfjorden er vist som fleirbruksområde. Om lag 500 meter vest for planområdet, er det avsett eit område til akvakultur, og lokaliteten er i dag i drift.
Oppstatsmøte med Flora kommune vart halde den 31.05.2010. Det er ikkje krav om planprogram eller konsesvensutgreiing, ut frå at formål med detaljplan er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Forhold som vil blir spesielt vektlagt i planprosessen er landskap, strandsone, born sine interesser, utbygging og tilkomst i høve til fylkesvegen, samt omsyn til høgspentlinje i området.
Reguleringsplan/detaljplan les du her.
Naboer/Partar er tilskrive med eige brev.
Dei som har innspel, merknader eller spmørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 03.08.2010.