Flora bystyre har bestemt at det skal utarbeidast ny sentrumsplan for Florø.
Planarbeidet vil omhandle det området som ikkje var gjenstand for revidering av kommunedelplan for Brandsøy/Florelandet i 2007. Dette inneber at arbeidet omfattar området frå Gaddevågen i aust, til Nordnesmoloen i vest og inkluderer Store- og Litlevatnet i sør.
Den endelege planen vil omfatte nytt plankart med tilhøyrande føresegner og retnings-linjer. Det vil også bli laga eit handlingsprogram for utvikling av byen.
Arbeidet med planen er todelt:
1. Planprogram
Første del (2010) er utarbeiding av planprogram, dvs. at ein får fram relevante fakta, spørsmål og problemstilingar som må takast med og utgreiast i det vidare planarbeidet.
2. Planleggingsfase
Andre del (2011) er utarbeiding av sjølve planen med utgangspunkt i det som blir fastsett i planprogrammet.
I denne omgong ønskjer vi innspel til planprogrammet. Dette kan vere dine tankar om kva vi vil med byen og kva for tema, spørsmål eller problemstillingar som du meiner bør vere med i planarbeidet.
Slike innspel skal sendast til: Flora kommune, Markegt. 51, 6900 Florø, eller som epost til postmottak@flora.kommune.no. Eller du kan kome med innspela dine via sentrums-planen si nettside: www.sentrumsplanen.no.
Frist for å kome med innspel til planprogrammet er 30. august 2010.
Planen som blir utarbeid vil bli førande for lang tid med tanke på utvikling av byen. Det er i denne første delen av planfasen det er lettast å vere med å påverke innhaldet i planen. Du bør difor nytte høvet til å kome med innspel no. Det vil komme fleire høve for å kome med innspel eller merknader, men då kan allereie viktige vegval vere gjort.
I tillegg til at du kan kome med innspel til planprogrammet no eller undervegs, vil det bli to formelle høyringar i planprosessen:
- Planprogrammet vil bli lagt ut på høyring hausten 2010. Dette vil bli annonsert.
- Utkast til plan vil bli lagt ut på høyring sommaren 2011. Dette vil bli annonsert.
Det vil også bli arrangert fleire opne møter. Tidspunkta for desse vil bli annonsert.
Informasjon om planarbeidet finn du på www.sentrumsplanen.no eller på Tenestetorget på Samfunnshuset.
Evt. spørsmål kan rettast til Flora kommune v/ prosjektleiar Rolf Bjarne Sund, epost rolf.bjarne.sund@flora.kommune.no eller tlf 917 10500.