Opningstid: 08.00 – 15.30 – Telefon 57 75 60 00
Tenestetorget på Flora Samfunnshus er ei felles opplysnings- og rådgjevingsteneste for kommunal tenesteyting, spørsmål og problemstillingar. Vi kan og hjelpe deg med å finne fram til andre offentlege tenester .
Tenestetorget held til i 1 etasje på Flora Samfunnshus med inngang frå Strandgata. Her har vi ein sjølvbeteningsdel der du mellom anna finn:
- søknadskjema
- andre skjema
- brosjyrar for tenester
- saker utlagt til offentleg høyring
- sakskart til politiske møter
- arealdisponeringskart
- internett-pc
Vi har og ein ekspedisjon der dei tilsette vil hjelpe deg med til dømes utfylling av skjema og gje generell informasjon på spørsmål du har.
I ekspedisjonen vil du og kunne få utført tenester som:
- kjøpe billettar til kino og teater
- enkel rettleiing i byggjesaker
- søknad om bustøtte
- ambulerande skjenkeløyve
- torgløyve
- parkeringskort funksjonshemma
- startlån og utbetringslån/tilskot
- ........................og mykje meir
Flora kommune sitt sentralbord, postmottak og møte- og utvalsekretariat ligg og på tenestetorget.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål eller ynskjer ei tenesteyting. Vi skal hjelpe deg så godt vi kan, og der vi ikkje strekk til skal vi hjelpe deg til rett tenesteytar.
Du kan kontakte oss på e-post: tenestetorget@flora.kommune.no , nettprat , SMS, telefon: 57 75 60 00 eller ved oppmøte på Tenestetorget.