Ungdommens bystyre (UB) er samansett av 21 representantar. 12 av desse er valde av elevane på ungdomsskulane og Flora Vidaregåande skule. 9 er valde på frie lister etter same modell som ved ordinære kommuneval.
UB skal ”gje ungdom opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, gje dei høve til å påverke sin eigen livssituasjon og gje betre sakshandsaming og betre grunnlag for politiske vedtak som vedgår ungdom", ifølgje vedtektene.
Ungdommens Bystyre har kr. 50.000 som dei kan fordele etter søknad, eller bruke pengane på eigne arrangement. For meir informasjon ta kontakt med ungdomsleiar. Midlane blir utdelte om hausten. UB har representantar i bystyret og dei politiske utvala, der dei har talerett og forslagsrett.
Besøksadresse dagtid: Kulturkontoret, Flora Samfunnshus
Besøksadresse kveldstid: Torggata 1
Postadr.: Markegata 51, 6901 Florø
Tlf.: 57 75 60 47 / 41 53 49 42
E-post: inger.fuglesang@flora.kommune.no