Flora kommune
Turistinformasjon  Om Flora   Flytte hit?   Lag og organisasjonar   Ledig stilling   Postliste   Nettstadkart 
 
Flora kommune - space
TENESTER
  Du er her: Lokaldemokrati  » Møt ordføraren
  søkeknapp
Flora kommune - space
Flora kommune - space
Avfall og gjenvinning
Barnehage
Barn og familie
Brann og beredskap
Bustad og eigedom
Gebyr 2010
Hamn
Helse
Internasjonalt
Kart
Kulturskule
Kultur og Fritid
Aktive Flora
+Bibliotek
Eldre/Havglytt
Flora samfunnshus
Friluftsliv
Symjehall
+Historie/forminne
Idrett
Turboktrimmen
Rullering plan
Kino
Ungdomstilbod
Musikkbingen
Kulturell skulesekk
Skulpturar i Florø
Kulturpris
Kystmuseet
+Lag/organisasjoner
Tilskotsordningar
Landbruk
Miljø
Næring
Pleie og omsorg
Skatt og avgift
Skule og utdanning
Sosiale tenester
Vatn og avløp
Veg og parkering
Flora kommune - spaceEnglishspaceGermanFlora kommune - space

Ordføraren si side



 

Ordførar Bente Frøyen Steindal sit på ordførarbenken kvar måndag.

Godt nytt år og godt jubileumsår!

Ja, i år fyller byen vår 150 år. Vi snakkar om ein verkeleg by, grunnlagt 16.mai i 1860 ved Kongeleg resolusjon. Sidan den vart grunnlagt i 1860 har byen vår hatt livskraft. Florø er ein by med lange tradisjonar og mykje å vere stolt av - det er noko som bør feirast!

Det var ei stor ære for meg som ordførar å markere opninga av jubileumsåret med lysfest på det flotte torget vårt laurdag 2 januar. Det var veldig kjekt å sjå at så mange møtte opp denne fine vinterkvelden. Og det gir meg tru på at vi skal klare å mobilisere til eit flott jubileumsår.

Sjølv om sjølve dagen er den 16 mai, vil vi markere jubileet heile året. Det blir mange spanande arrangement i løpet av året, eg kan nemne næringslivsmesse, seglskutefest, revy, ulike utstillingar, sildebordet, kinnaspelet osv.
Kvar på sin måte skal desse arrangementa være med på å skape gode opplevingar for innbyggjarane våre og å hylle den byen vi alle er så glade i.

Det er oppretta ei eiga heimeside (http://www.flora150.no ) for byjubileet. Den vert heile tida oppdatert og der kan du lese om dei forskjellige arrangement og hendingar gjennom året.

Eg trur ei slik feiring vil minne oss alle på kor fantastisk det er å bu ein stad der vi alle kan kjenne oss trygge. Vi  har ein intim og koselig by der det er lett å halde kontakt med vener og familie. I tillegg har vi ein fantastisk natur med hav, fjord, fjell og bre like utanfor stovevindauget.
Byjubileet og feiringa av 150 år som by, er eit ypparleg høve til å vise fram byen vår. Når vi no feirar byen og kommunen vår, kan vi alle bidra til at Flora Kommune og Sunnfjord vert sett på kartet.

Du er velkomen til å vere med og skape ein folkefest, både for innbyggjarar og tilreisande i heile 2010.

På denne sida får du informasjon om saker eg som ordførar jobbar med for Flora kommune. Eg vil prøve å oppdatere sida mi så ofte som mogleg, for at du som innbyggjar kan halde deg oppdatert  på kva som skjer i kommunen.
Det er viktig for meg som ordførar å ha god dialog med innbyggjarane og andre som ønskjer kontakt med meg.
For dei som ikkje har høve til å treffe meg personleg er det fullt mogleg å nå meg på e-post eller ringe meg. Vi har oppretta eiga sone på Origo der ein kan legge igjen spørsmål som vil bli svart på med jamne mellomrom. Eg er óg på Twitter .



Mvh
Bente Frøyen Steindal
Ordførar i Flora kommune

 

publisert - 05.01.2010

Utskriftsvenleg versjon    Tips ein ven
 
BYJUBILEUM
Byjubileum
AKTUELT NO
pil Kystvegkonferansen 2010
pil Ledige stillingar
pil Sentrumsplanen
pil Kulturmeny september
pil Kystpuls
pil Aktive Flora
KJØP BILLETT PÅ NETT
Klikk for å kjøpe billett
SJØLVBETENING
pil Bestill legetime
pil Byggesøknad på nett
pil Kart på nett
pil Mi side
pil Nettbibliotek
pil Skjema
pil Søk på ledig stilling
pil Kompetanseregistrering
DIALOG
pil Kontakt tenestetorget
pil Kontakt tilsette
pil Nettprat
pil Send SMS
pil Ofte stilte spørsmål
LOKALDEMOKRATI
pil Møt ordføraren
pil Politisk styring
pil Møteplan og saker
pil Oversyn folkevalde
pil Politiske parti
pil For folkevalde
pil Ungdommens bystyre
space
Markegata 51 - 6900 Florø  - : 57 75 60 00   postmottak@flora.kommune.no