Båtar i hamna

Gebyrregulativ for 2017

1. Bygge-, frådelings- og utsleppssaker

Gebyret er vedteke med heimel i plan- og bygningsloven § 33-1, og Forskrift om avgrensing av forurensing § 11-4, og omfattar sakshandsaming av byggesaker, dispensasjonssaker, frådelingssaker og utsleppssaker.

1.1  Innhald og føresetnadar for gebyret

Gebyret omfattar sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, første gongs førehandskonferanse, dokumentkontroll, samt tilsyn (stikkprøver) i byggeperioden. Gebyret vert kravd av tiltakshavar.

Gebyrsatsane oppgjeve i gebyrregulativet gjeld for søknadar levert komplett inn via byggsøksystemet. For å bli rekna som komplett innlevert søknad skal alle naudsynte vedlegg følgje søknaden i byggsøksystemet og være i PDF-format. For saker levert inn på anna måte, sjå § 4 i regulativet.

Eventuell påvising av bygning i marka kan verte rekvirert utført av kommunen, og betalt etter gjeldande regulativ.

1.2  Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr, uavhengig av utfallet i saka.

1.3  Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert utrekna i høve til det regulativ som gjeld når fullstendig søknad er motteke av kommunen.

1.4  Byggesøknadar levert inn på anna måte enn via byggsøksystemet (700)

For byggjesøknadar levert inn på anna måte enn via byggsøksystemet skal det leggast til 30% til det ordinære gebyret for byggesaka. Det skal ikkje reknast 30% på dispensasjonar.

1.5  Fleire tiltak i ein søknad

Ved byggemelding av fleire tiltak samstundes, skal det reknast gebyr for kvart tiltak.

1.6  Søknad om rammeløyve og igangsetting

Ved søknad om rammeløyve vert det fakturert handsamingsgebyr for heile tiltaket. Dersom det vert gjeve igangsettingsløyve samstundes med rammeløyve skal det ikkje reknast gebyr for dette. Elles vert igangsettingsløyve fakturert som 10% av fullt gebyr. Handsamingsgebyret for igangsettingsløyve skal ikkje være mindre enn basisgebyret i punkt 09 i regulativet.

1.7  Bruksendring

Ved bruksendring der det ikkje vert gjort ombygging skal det betalast 50% av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til. Ved bruksendring der det vert gjort ombygging, skal det betalast etter satsane for ombygging for den kategori bygget skal nyttast til.

1.8  Kombinerte bygningar

Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgaste gebyrklasse.

1.9  Tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar

Ved tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar bereknast gebyret etter høgaste tiltaksklasse.

1.10  Mellombelse bygningar/konstruksjonar

Ved mellombelse bygningar og konstruksjonar skal det betalast fullt gebyr.

1.11  Anna arbeid

For anna arbeid der det ikkje er faste gebyr, og for arbeid som skal fakturerast etter medgått tid, skal det brukast ein timesats på kr 1 044,-.

1.12  Ekstraarbeid ved pålegg etter Plan- og bygningslova kap 32

Ved pålegg etter Plan- og bygningslova § 32-3 og § 32-4 for nye tiltak vert handsamingsgebyr rekna som 200 % av normal sats for å kompensere for ekstraarbeid. Det skal ikkje fakturerast 200% av dispensasjonsgebyret. Gebyr vert fakturert adressat for pålegget. Handsamingsgebyret vert berekna ut i frå det gjennomførte tiltaket, og vert fakturert uavhengig av om tiltaket vert kravd retta ved søknad, eller om tiltaket vert kravd fjerna. Gebyret skal fakturerast samstundes som det vert fatta vedtak om pålegg.

Dersom det etter pålegg vert søkt om løyve til tiltak skal tiltakssøknaden fakturerast 50 % av ordinært gebyr.

Ved pålegg som ikkje gjeld nye tiltak, til dømes ulovleg bruk, skal arbeid med pålegg fakturerast etter medgått tid etter satsen punkt 1.11.

Dersom det vert søkt om eit ulovleg tiltak utan at det er naudsynt med pålegg vert handsamingsgebyret likt ordinært gebyr.

1.13  Urimeleg gebyr

Dersom storleiken på gebyret vert klart urimeleg i høve til det arbeid og dei kostnader kommunen har hatt med saka, eller gebyret er urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette passande gebyr. Regulativet kan berre fråvikast ved spesielle høve.

1.14  Klageadgang

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av bystyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i Forvaltningslova.

Kommunen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

1.15  Meirverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for teneste etter gebyrregulativet, med unntak av gebyr etter brukt tid.

TILTAK SOM HANDSAMAST ETTER SØKNAD

For byggjesøknadar levert inn på anna måte enn via byggsøksystemet skal det leggast til 30% til det ordinære gebyret for byggesaka.
Det skal ikkje reknast 30% på dispensasjonar (700)

 

Tiltaksklasse

01. BUSTADER  (710)

Kl. 1

Kl. 2

Kl. 3

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Rein einebustad og einebustad med hybel/sokkelhusvære

20 791

 

 

b)  Tomannsbustad, vertikaldelt eller horisontaldelt

31 190

38 320

 

c)  Rekkehus og kjedehus per eining

20 791

38 320

 

d)  Bygning på 2 etasjar med 4 eller fleire bueiningar, per eining

20 791

38 320

 

e)  Andre bustadhus (hybelhus, pr bygg)

20 791

38 320

 

f)  Tilbygg, påbygg, ombygging  (våtrom) pkt. a - e

 

 

 

    <50 m2 bruttoareal

2 598

4 245

 

    >50 m2

4 245

8 466

 

g)  Blokk/høghus/punkthus/lamellhus/terrassehus 

 

118 930

172 892

h)  Anna hustype

44 555

89 112

143 075

i)  Tilbygg og påbygg, punkt g-h

 

 

 

    < 50 m2

4 456

8 913

 

    > 50 m2

11 138

14 852

 

j)  ombygging < 50% av totalt areal

32 673

53 466

 

k)  ombygging > 50% av totalt areal (hovudombygging)

53 466

89 113

 

 

 

 

 

02. ANDRE  TILTAK PÅ BUSTAD-/NÆRINGSEIGEDOM M.M. (720)

 

 

 

a) Fasadeendring/vindauge  per fasade

2 598

3 325

 

b) Støttemur/innhegning/gjerde/støyskjerm

2 598

3 325

5 198

c) Bryggjer/flytebryggjer, mindre

2 598

 

 

d) Graving/sprenging/fylling, terrengendringar og vegar

2 598

7 980

12 623

e) Skilt/reklame

2 598

3 325

 

f) Større skiltplan

3 325

5 198

 

g) Basseng/brønn/dam

2 598

5 198

10 395

h) Bygningstekniske installasjonar

2 598

5 198

10 395

 

03. ANDRE NYBYGG (730)

Kl. 1

Kl. 2

Kl. 3

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Garasje/naust/uthus inntil 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal

2 598

 

 

b)  Garasje/naust > 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal

5 198

10 395

15 594

c)  Andre

2 598

 

 

d)  Fritidsbustad/campinghytte

11 880

 

 

e)  Til- og påbygg, a-e

2 598

 

 

f) Konstruksjonar og anlegg: kai, molo, tekniske anlegg mm.

7 426

14 852

22 277

 

 

 

 

04. PRODUKSJONSBYGG FOR VERKSTAD OG INDUSTRI (740)

 

 

 

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Etasjebygg for fabrikk eller verkstad, evt. kombinert med kontor

35 643

53 466

71 289

b)  Produksjonshall evt. kombinert med kontor

35 643

53 466

71 289

c)  Andre produksjonsbygg 

35 643

53 466

71 289

d)  Til- og påbygg/ombygging, a-c, minimumsgebyr <50 m2

5 198

10 395

15 594

     <1000 m2

15 594

20 793

25 991

     >1000 m2

25 991

31 187

35 643

 

 

 

 

05. KONTOR-, FORRETNINGS- ELLER ANDRE NÆRINGSBYGG  (750)

 

 

 

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Kontorbygg og administrasjonsbygg

44 556

71 288

102 478

b)  Varehus og andre butikkbygg

44 556

71 288

102 478

c)  Ekspedisjonsbygg og terminalar

44 556

71 288

102 478

d)  Lagerbygg og garasjebygg <100 m2 

7 374

14 852

22 277

e)  Lagerbygg og garasjebygg  >100 m2

14 852

22 277

26 734

f)  Bensinstasjon

22 277

27 567

32 673

g)  Anna bygg for kontor, forretning eller samferdsle

26 734

32 673

37 873

h)  Tilbygg og påbygg, a-g, minimumsgebyr <50 m2

7 374

14 852

22 277

     <1000 m2

14 852

22 277

26 734

     >1000 m2

26 734

32 673

37 873

i)  ombygging < 50 % av totalt areal

14 852

22 277

26 734

j)  ombygging >50 % av totalt areal (hovudombygging)

26 734

32 673

37 873

k) For nybygg over 2.000 m2 vert gebyret fastsett pr. m2 bruksareal

23,67

36,85

49,50

 

06. HOTELL OG RESTAURANTBYGG (760)

Kl. 1

Kl. 2

Kl. 3

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Hotell 

44 556

89 112

133 636

b)  Andre bygg

37 873

71 291

107 676

c)  Til- og  påbygg, a-b, minimumsgebyr <50m2

7 426

14 852

22 277

     <1000 m2

26 734

32 673

37 873

     >1000 m2

35 643

53 466

71 291

d)  Ombygging <50% av bygning

26 734

32 673

37 873

e)  Ombygging >50% av bygning (hovudombygging)

37 873

71 291

107 676

 

 

 

 

07. BYGG FOR OFFENTLEGE OG PRIVATE TENESTER (770)

 

 

 

Basisgebyr:

 

 

 

a)  Bygg for undervisning/forsking 

 

71 291

93 568

b)  Sjukehus/aldersheim/sjukeheim 

 

71 291

93 568

c)  Barnehagar

35 643

71 291

 

d)  Omsorgsbustader

35 643

71 291

 

e)  Kyrkje/gravkapell og liknande

35 643

71 291

93 568

f)  Samfunnshus/forsamlingshus

35 643

71 291

93 568

g)  Teater/kinobygg 

 

71 291

93 568

h)  Idrettsbygg 

 

53 466

81 687

i)  Garderobebygg  <500 m2 (nybygg/tilbygg)

28 219

53 466

81 687

j)   Andre bygg 

 

53 466

81 687

k)  Til- og påbygg, a-j, minimumsgebyr  <100 m2

7 426

14 852

22 277

     <1000 m2

26 734

35 643

71 291

     >1000 m2

35 643

71 291

107 676

l)    ombygging < 50% av totalt areal

 

20 793

25 991

m)  ombygging > 50% av totalt areal (hovudombygging)

 

35 643

71 291

 

 

 

 

08. BYGG FOR JORDBRUK, FISKE OG FANGST (780)

 

 

 

a)  Driftsbygningar 

14 108

20 793

 

b)  Andre bygg (landbruksgarasje og liknande)

5 198

10 395

 

c)  Til- og påbygg, a-b, minimumsgebyr  <50 m2

2 598

5 198

 

    >50 m2 <100 m2

5 198

10 395

 

    >100 m2

10 395

14 108

 

d)   ombygging <50% av totalt areal

5 198

10 395

 

e)   ombygging >50% av totalt areal

10 395

14 108

 

09. REVIDERTE TEIKNINGAR/TILLEGGSSØKNADER  (790) (mindre endringar)

Kl. 1

Kl. 2

Kl. 3

Basisgebyr:

2 598

 

 

Det skal bereknast gebyr tilsvarande 20% av normalgebyr for den enkelte bygningstypen og tiltaksklasse, men ikkje mindre enn basisgebyr.

 

 

 

 

 

 

 

10. FORNYING  AV BYGGJELØYVE  (800)

 

 

 

Fornying av byggjeløyve skal reknast som ny sak

 

 

 

 

 

 

 

11.  RIVING - Gebyr pr. bygning  (810)

 

 

 

Mindre bygningar som garasje, uthus, fjøs (må vere tiltaksklasse 1)

2 598

 

 

Einebustadar, tomannsbustadar, rekkehus og liknande

4 601

6 651

 

Andre større bygningar

9 201

11 787

17 937

 

 

 

 

12. SJØLVBYGGAR  (820)

 

 

 

Lokal godkjenning av føretak utan lokal godkjenning

3 462

 

 

Sjølvbyggjar - berre eigen bustad/garasje/uthus m.m. på eigen eigedom

6 243

 

 

Sentral godkjenning dekkar deler av tiltaksprofilen

3 462

 

 

13. FØREHANDSKONFERANSE  (830)

 

 

 

 2. gongs og seinare førehandskonferanse

1 854

3 712

5 568

 

 

 

 

14. UTOMHUSPLANAR (pr. plan)  /OPPARBEIDING  (840)

 

 

 

 <5000 m2

3 712

 

 

 >5000 m2

8 165

 

 

15. DISPENSASJONAR  (850)

 

 

 

Dispensasjon frå arepalplan med tilhøyrande bestemmelser for etablering av nye eigedomar, ny hovudbrukseining eller vesentlege utvidelsar av brukseiningar, herunder dispensasjonar frå kommuneplanens plankrav. Dispensasjon for forhold som krev uttale, eller samtykke frå overordna myndigheit.

Anna innvilga dispensasjon frå arealplan. Gebyr ileggast for kvart tilhøve som krev dispensasjon.

Dispensasjon frå teknisk forskrift eller plan- og bygingsloven. Gebyr ileggast for kvart tilhøve som krev dispensasjon.

Dispensasjon frå arealplan som krev minimal vurdering som følgje av innarbeida praksis og/eller er i samsvar med retningsliner i kommuneplan.

 

14 312


 

7 156
 

3 579
 

3 579

 

 

 

16. HEIS/ RULLETRAPP  (860)

Kl. 1

Kl. 2

Kl. 3

 

Sakshandsamingsgebyr

I tillegg skal tiltakshavar dekke kommunen sine utgifter ved fagkunnig bistand ved søknad om anleggsløyve eller kontroll av anlegg som er i drift, jfr pbl § 106a nr. 3.

2 226

 

 

 

17. FRÅDELINGSSAKER  (870)

 

 

 

 

Søknad i samsvar med grenser fastsett i godkjent regulerings- eller utbyggingsplan, pr parsell
Under 2 daa:
Over 2 daa:

 

2 539
5 079

 

 

 

Søknad i uregulert område, samt søknad om andre grenser enn fastsett i godkjent regulerings- eller utbyggingsplan, pr parsell
Under 2 daa:
Over 2 daa:

 

4 838
9 675

 

 

 

18. UTSLEPPSSAKER  (880)

 

 

 

 

Søknad om utsleppsløyve anlegg < 15 PE

2 854

 

 

 

Søknad om utsleppsløyve anlegg > 15 PE

5 705

 

 

 

Kontroll av avløpsanlegg, årleg gebyr, pr bustad/ fritidsbustad

290

 

 

 

Kontroll av avløpsanlegg, årleg gebyr, pr næringseigedom

669

 

 

 

 

 

 

 

 

19. OVERTREDELSEGEBYR  (890)

 

 

 

 

Gebyrstorleiken er fastsett i § 17-1 i Forskrift til plan- og bygningslova om byggesakshandsaming.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

20. TVANGSMULKT  (900)

 

 

 

 

Tvangsmulkt etter plan- og bygningslova §32-5 vert fastsett i kvar enkelt sak

 

 

 

 

 

 

 

 

 

21. Handsaming av saker etter lov om Hamner og farvatn (910)

 

 

 

 

Ved handsaming av saker som og krev handsaming etter lov om Hamner og farvatn vert handsamingsgebyret for dette vidarefakturert, inkludert mva.

 

 

 

 

Enkel sak

1 281

 

 

 

Tilsynsak

2 306

 

 

 

Større tilsynssak

3 331

 

 

 

 

 

 

 

 

22. Kunst i offentleg rom (920)

 

 

 

 

Ved utbyggingsavtaler om kunst i offentleg rom skal det i samsvar med kommunedelplan for Florø sentrum punkt 2.14 setjast av midlar pr m2

134

 

 

 

 

 

 

 

 

23. MIDLERTIDIG BRUKSTILLATELSE/FERDIGATTEST

 

 

 

Behandling av midlertidig brukstillatelse per bueining

Ved vesentlige mangler i anmodning om midlertidig brukstillatelse kor ein må gje skrifteleg tilbakemelding per bueining

Der kor det er gitt midlertidig brukstillatelse , og anmodning om ferdigattest ikkje føreligg innan fastsett frist per bueining

Ved vesentlige mangler i anmodning om ferdigattest kor ein må gje skrifteleg tilbakemelding per bueining

5 125

3 579

 

5 125

3 579

 

 

 

24. SATS FOR INNBETALING TIL FELLES PARKERINGSLØYSING

 

 

 

Pris per plass ekskl. mva

Tal plassar som kan løysast ved innbetaling til felles parkeringsløysning skal vere godkjent i reguleringsplan eller byggesak etter plan og bygningslova.

206 000

 

 

2. Plansaker

Gebyret er vedteke med heimel i Plan- og bygningsloven § 33-1.

2.1 Førehandskonferanse § 12-8            

Gratis.

2.2 Private framlegg til reguleringsplan (detaljregulering), evt. endring av gjeldande reguleringsplan

(Pbl §12-9, §12-10 og §12-11)

Handsamingsgebyrert skal fakurerast ved mottak av komplett planframlegg og skal reknast etter følgjande tabell:

 

Enkel sak

Middels tung sak

Komplisert sak

A) Basis-gebyr

51 250

102 500

153 750

B) Tillegg for ramme-     avklaring

8 574

17 150

Etter medgått tid og evt. utgifter til fagkunnig bistand. Minstegebyr: kr. 26 359

C) Tillegg for bearbeiding

8 574

17 150

Etter medgått tid og evt. utgifter til fagkunnig bistand. Minstegebyr: kr. 26 359

D) Handsaming avplanprogram § 4-1

8 574

17 150

Etter medgått tid og evt. utgifter til fagkunnig bistand. Minstegebyr: kr. 26 359

E) For detaljreguleringar som er i strid med kommuneplanen sin arealdel eller områdeplan, skal det betalast eit tilleggsgebyr på 25% av basisgebyret.

F) For planforslag som endrast (forslagstillar sitt ynskje eller i samband med motsegn) etter at planforslaget er fremja for planutvalet, skal det betalast følgjande tillegg:

- 25% av gebyret dersom endringar genererer ei avgrensa høyring og ny framlegging for planutvalet.

- 50% av gebyret dersom endringar må varslast på nytt og sendast på fullstendig høyring.

Basisgebyret føreset at planen er koda i samsvar med ”kart- og planforskrifta”.

Dersom planen ikkje er i samsvar med ”kart- og planforskrifta” kjem kostnad for bearbeiding som tillegg på basisgebyret. Søknad med innsending av plan som ikkje er i samsvar med forskrifta krev at dette må avtalast på førehand med kommunen.

Basisgebyret er eit fast gebyr til dekking av kommunen sine gjennomsnittskostnader fram til saka er ei «offentleg plansak» med ein søknad som er fullstendig frå søkjar si side.

A) Basisgebyr

Enkel sak:

Planar for utbygging av hyttefelt som ikkje medfører vesentlege konfliktar i høve til natur, landskap, kulturminne eller friluftsliv, og som er i samsvar med overordna plan.

Planar for einebustader utanfor kommunedelplan for Florø sentrum som ikkje har meir enn tre einingar.       

Middels tung sak:

Ei plan blir å rekne som "middels tung sak" dersom den ikkje kjem inn under skildringane for "enkel sak" eller "komplisert sak".

Komplisert sak:

Planar over 10.000 m2 (dette gjeld ikkje dersom formålet med planen er hytter i samsvar med overordna plan).

Planar innanfor kommunedelplan for Florø sentrum.

Planar som legg til rette for eller ligg tett opp til industri.

Planar som medfører krav om planomtale og konsekvensutgreiing, PBL § 4-2.

B) Tillegg for rammeavklaring

Dersom kommunen som ledd i sakshandsaminga fram til saka blir ei «offentleg plansak» må bruke tid på avklaring av rammer som er uavklara i høve til lov, forskrift, overordna plan eller vedtak gjort i medhald av desse, skal det betalast tilleggsgebyr som vist i tabellen. Inndelinga for tilleggsgebyret er definert slik:

Enkel:                  

Få og små rammeavklaringar i høve til gjeldande plan(ar), (inntil eitt dagsverk).

Middels:            

I samsvar med overordna plan, men med manglande detaljavklaringar i høve til gjeldande plan(ar) (Frå 1-4 dagsverk tilleggsarbeid for kommunen).

Komplisert:      

Forslag i strid med overordna regelverk, plan eller offentleg vedtak.

C) Tillegg for bearbeiding

Dersom kommunen som ledd i sakshandsaming fram til saka blir ei «offentleg» plansak må bruke tid på bearbeiding av planpresentasjonen eller det vert avtalt at plankartet kan innleverast utan heilt å vere i samsvar med ”kart- og planforskrifta”, skal det betalast eit tilleggsgebyr som vist i tabellen. Graden av bearbeiding blir definert slik:

Enkel:                  

Nokre mindre justeringar må utførast.

Middels:            

Kommunal bearbeiding av planframlegget som krev 1-4 dagsverk.

Komplisert:      

Stor grad av kommunal bearbeiding av planframlegget er naudsynt.

2.3 Søknad om mindre reguleringsendring

(Pbl § 12-12)
Søknad om mindre reguleringsendring som kjem inn på grunnlag av at eksisterande plangrunnlag må justerast/endrast eller ved behov for mindre justering i planutforminga.

Saksgebyr: 

21 463

2.4 Fornya søknad og søknad om planendring

Dersom det innan eitt år blir sendt inn ny søknad for plan som vart nekta fremma, eller det blir søkt om endringar i høve til det som vart godkjent, skal det betalast halvt basisgebyr og fulle tilleggsgebyr i høve til rammeavklaring og bearbeiding dersom søknaden medfører trong for dette. Før ein reknar gebyr skal ein fornya søknad klassifiserast ut frå den situasjonen denne nye søknaden er i høve til klassifiseringsreglane over. 

For søknad om endring av godkjent plan som er eldre enn eitt år skal det betalast fulle gebyr.

2.5 Konsekvensutgreiing

(Pbl kap V)

Der kommunen er godkjenningsmynde for søkjaren si konsekvensutgreiing i Forskrifta om konsekvensutredning etter Plan- og bygningslova kapittel V skal det betalast gebyr etter brukte timeverk og utgifter som kommunen måtte ha hatt til fagkunnig bistand.

Minstegebyr for kvart utgreidd tilhøve:

62 826

2.6 Planspørsmål, politisk planspørsmål ved oppstart av planarbeid

(Pbl § 12-11)

Gebyr for sakshandsaming av planspørsmål: 

18 136

Dersom det kjem inn søknad om handsaming av planframlegg innan eitt år frå kommunen har gjort vedtak om at dei ikkje har merknader til at planarbeidet vart sett i gang, skal dette gebyret trekkast frå basisgebyret til planframlegget. Dersom det er naudsynt med rammeavklaring kjem det til gebyr som i under 2.2

2.7 Timekostnader

Internt arbeid som skal fakturerast etter medgått tid etter desse gebyrsatsane, kr pr time

1 301

2.8 Meirverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for teneste etter gebyrregulativet, med unntak av gebyr etter brukt tid.

3. Kart- og oppmålingstenester m.v.

Gebyrregulativet omfattar arbeider etter matrikkelloven, eigarseksjonslova samt andre karttekniske oppgåver.

Gebyr for oppdrag utført etter dette regulativet skal sendast rekvirent før oppdrag er begynt i marka. Rekninga skal då vere i samsvar med dei satsane som gjeld på tidspunkt da rekvisisjon er motteken av kommunen.

Gebyr for tinglysing skal betalast etter gjeldande sats ved tidspunkt for tinglysing.

Utgifter til eventuelt hjelpemannskap, bilgodtgjersle, administrative utgifter, merkemateriell og arbeid med merking av grenser er inkludert i prisen, unntatt oppdrag etter punkt 3.8.

Veilleing i oppmålingssaker vert gitt fritt i inntil ein time og deretter fakturert etter timespris etter punkt 3.8

3.1 OPPRETTING AV MATRIKKELEINING

3.1.1  Oppretting av grunneigedom og festegrunn

Areal frå 0 – 300 m²            

15 025

Areal frå 301 – 2000 m²       

27 740

Areal frå 2001 – 4000 m²     

31 207

Areal frå 4001 m² – auke pr. påbyrja da

1 733

Maksimalt gebyr pr. tomt     

52 013

Rabatt på tomtegebyr (same rekvisisjon):

 

4 tomter     

25%

5 tomter

30%

6 eller fleire tomter

50%

3.1.2  Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

Areal frå 0 –  500 m²      

15 179

Areal frå 501 –  2000 m²   

19 517

Areal frå 2001 m² auke pr. påbyrja da.    

1 518

3.1.3  Oppmåling av uteareal til eigarseksjon pr. eigarseksjon

Areal frå  0 –  50 m²          

6 505

Areal frå  51 –  250 m²       

 8 673

Areal frå  251 – 2000 m²    

15 179

Areal frå    2001 m² auke pr. påbyrja da

1 518

3.1.4  Oppretting av anleggseigedom

Volum frå 0 – 2000 m³

27 740

Volum frå 2001 m³ – auke pr. påbyrja 1000 m³

1 518

3.1.5  Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige fakturerast etter medgått tid (sjå 3.8).

Feltarbeid

2 169

Kontorarbeid

1 301

Minimumspris      

651

3.2  OPPRETTING AV MATRIKKELEINING UTAN FULLFØRT OPPMÅLINGSFORRETNING

Viser til 3.1.1, 3.1.2, 3.1.4 og 3.1.5.
I tillegg kjem det eit tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning etter medgått tid punkt 3.8.

3.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka anten vert trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunner ikkje kan fullførast, vert sett til ein tredjedel av gebyrsatsane etter 3.1.1, 3.1.2, 3.1.3, 3.1.4 og 3.1.5 før oppdrag er påbyrja i marka.

Er arbeid er påbyrja i marka vert gebyr sett til to tredjedel av gebyrsatsane etter same punkt.

3.3 GRENSEJUSTERING

3.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved einsidig grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal (maksimalgrensa er satt til 500 m²).

Ved tosidig (makebytte) grensejustering kan ein eigedom ikkje avgje areal som i sum overstiger 20 % av eigedomens areal.

For både einsidig og tosidig grensejustering gjelder det at verdien av areal som overførast ikkje skal overstige folketrygdas grunnbeløp same år som grensejusteringa utførast. Med verdien av arealet meinast alminneleg marknadsverdi.

Det gjelder også at ein eigedom ikkje kan endrast gjennom grensejustering dersom arealet etter grensejustering har endra seg meir enn 20 % mindre enn arealet som eigedomens hadde da den opprindeleg vart frådelt. Alternativet til grensejustering er Arealoverføring, sjå punkt 3.4.

I dei tilfella eit oppdrag må ta stilling til eksisterande men ikkje koordinatfesta grenser (eldre enn 1981), kjem i tillegg gebyr etter punkt 3.8 for påvising av desse i terrenget, utan minimumssats.

For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan pkt 3.8 nyttast.

Areal frå 0–  250 m², pris per areal   

8 673

Areal frå 251 –  500 m² , pris per areal    

14 096

3.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa skal setjast til 1000 m³
I dei tilfella eit oppdrag må ta stilling til eksisterande men ikkje koordinatfesta grenser (eldre enn 1981), kjem i tillegg gebyr etter punkt 3.8 for påvising av desse i terrenget, utan minimumssats.

Volum frå 0 – 250 m³          

8 673

Volum frå 251 – 1000 m³     

14 096

3.4 AREALOVERFØRING

3.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål. Før arealoverføring vert matrikkelført skal godkjend takst samt erklæring frå panthavar leverast av rekvirent til Flora kommune.

I dei tilfella eit oppdrag må ta stilling til eksisterande men ikkje koordinatfesta grenser (eldre enn 1981), kjem i tillegg gebyr etter punkt 3.8 for påvising av desse i terrenget, utan minimumssats.

Areal frå 0  – 250 m²        

21 685

Areal frå 251  – 500 m²     

27 106

Arealoverføring pr. ny påbyrja 500 m² fører til ein auke av gebyret på

2 711

Maksimalt gebyr

52 013

3.4.2 Anleggseigedom

Volum frå 0  – 250 m³         

21 685

Volum frå 251  –  1000 m³   

27 106

Volumoverføring pr. nytt påbyrja 500 m³ medfører ein auke av gebyret på

2 711

Maksimalt gebyr

52 013

3.5 KLARGJERING AV EKSISTERANDE GRENSE

- Gjeld der grensa tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.
Viss det er naudsynt med nye punkt:

Minimumsgebyr, inkluderer 2 punkt         

5 421

For overskytande grensepunkt, pr. punkt   

2 169

Tomt til frådeling som er koordinatfesta av Jordskifteretten eller ved oppmåling gjort for Kystverket – gjeld berre når boltene allereie står i marka 

Nye matrikkelbrev      

6 505

3.6 KLARGJERING AV EKSISTERANDE GRENSE

- Gjeld der grensa IKKJE tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning / gjeld der ein skal klarlegge rettigheitar

For alt arbeid og klarlegging av rettar vert gebyr fakturert etter medgått tid punkt 3.8.

3.7 PRIVAT GRENSEAVTALE

For arbeid vert gebyr fakturert etter medgått tid punkt 3.8

3.8 GEBYR ETTER MEDGÅTT TID

Gebyr skal dekke mannskap og bruk av kommunen sitt eige utstyr. Naudsynt innleige av utstyr, ekstern transport og bruk av materiell vert fakturert i tillegg.

Feltarbeid, gebyr per time

2 169

Kontorarbeid, gebyr per time

1 301

Minimumspris      

651

3.9 SEKSJONERING OG RESEKSJONERING

Gebyr for seksjonering er 3 x rettsgebyr og for reseksjonering 5 x rettsgebyr. I tillegg kjem tinglysingsgebyr (1,8 x rettsgebyr) og eventuelt gebyr for oppmåling av uteareal (tilleggsdel i grunn) sjå gebyrregulativ pkt. 3.1.3.

Sjå: https://www.domstol.no/no/Sivil-sak/Sakskostnader/Rettsgebyr/

3.10 URIMELEG GEBYR

Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen av eige tiltak fastsette eit høveleg gebyr.

3.11 NEDSETT GEBYR ETTER MATRIKKELLOVA

Etter matrikkelforskrifta §18 skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretningar og fullføre matrikkelføring innan 16 veker. Dersom kommunen oversit fristen, skal gebyret for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa avkortast med ein tredjedel. Dersom kommunen oversit fristen ytterligare to månader skal gebyret avkortast ytterlegare ein tredjedel.

Matrikkelforskrifta §18 tilsidesetjast i vintertida, perioden 15. november til 15. april, jamfør Vinterforskrifta for Flora kommune.

3.12 BETALINGSTIDSPUNKT

Kommunen krev inn gebyr på forskot og saka vil stå på vent til gebyr er registrert som betalt.

3.13 ENDRINGAR  I GRUNNLAG FOR MATRIKKELFØRING AV SAKA

Gjer rekvirenten under saka sin gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, oppretthaldast likevel gebyret

3.14 UTSTEDING AV MATRIKKELBREV

Endring i satsane vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

Matrikkelbrev inntil 10 sider       

175

Matrikkelbrev over 10 sider        

350

3.15  SAL AV ORTOFOTO, KART- OG PLANDATA
Sal av digitale kartdata vert prisatt jamfør Geovekstsamarbeidet. Pris for plandata og VA-data settes lik pris for grunnkart.  I tillegg kjem prisen for medgått tid for arbeidet og et gebyr frå ekstern formidlinskanal av eigedom og geografisk informasjon .

Sjå: http://www.kartverket.no/globalassets/om-kartverket/geovekst/salg-av-data/priskalkulator/priskalkulator.htm

3.16 ARBEID MED KART OG PLANDATA
Gebyr etter medgått tid. I tillegg kjem prisen ved sal av data sjå førre punkt.

Kontorarbeid, gebyr per time

1 301

Minimumspris      

651

Oppstartspris planarbeid etter oppdrag, deretter timepris

2 711

3.17  KOPIERING/PLOTTING

Kopiering av originalar i storleik A4-A3 utførast med kopimaskin og fakturerast etter følgjande satsar:

A3

173

A4

116

Ved skanning av original større enn A3 benyttes egen maskin og arbeidet fakturerast da etter medgått tid, sjå gebyrregulativ punkt 3.16. 

Plotting av fil / anna kjelde fakturerast etter følgjande satsar:

A0 eller større – vanlig papir

462

A0 eller større – glanset papir

564

A1 – vanlig papir

404

A1 – glanset papir

506

A2 – vanlig papir

345

A2 – glanset papir

448

A3 – vanlig papir

173

A4 – vanlig papir

116

4. Landbruk

4.1 Sakshandsamingsgebyr i medhald av forskrift av 14.12.11 frå Landbruksdept. med evt. seinare endringar.

I samsvar med forskrifter frå Landbruksdept

4.2 Handsaming av jordlovsaker

Alle saker

2 000

4.3 Handsaming av konsesjonssaker

Alle saker

5 000

Traktorveg med enklare prosjektering/tilsk.v 1,5 %
Enkle vegar, stikking og byggeløyve 1,0 %

4.4 Skogkultur

- % påslag på kostnad

Leigd arbeid organisert av kommunen

20 %

Eige arbeid, planting

10%

Eige arb. skogkult. unnateke planting

5%

4.5 Teknisk planlegging / anna planlegging

Utarbeiding av driftsplan 

1 379

Utarbeiding av gjødsleplan

921,- + kr 68,- pr. skifte

Jordprøvetaking

534,- for oppmøte + kr 68,- pr. prøve

Tilrettelegging av kart, pakking, sending av jordprøver

305

4.6 Landbruksvegar

Betaling for sakshandsaming og planlegging av landbruksvegar skal ligge innafor 1-2 % av kostnadskalkylen.

Skogsbilveg/traktorveg med full prosjektering 2 %.

4.7 Viltfond

Fellingsavgift for hjort:

Kalv

150

Vaksne dyr

400

Sal av hjortekjøt

65 + mva

5. Feiing

5.1 Feiing

 

Pris ekskl. mva

Pris inkl. mva

Avgift for vanleg loddpipe pr. år

460

575

Avgift for gangpipe/større piper pr. år

1 075

1 344

5.2 Kontroll av piper

 

Pris ekskl. mva

Pris inkl. mva

Trykkprøving

1 917

2 396

Kamerakontroll               

1 917

2 396

Visuell kontroll

887

1 109

Fresing av pipe

887

1 109

Timepris og køyring kjem i tillegg til satsane.

6. Vatn

Gebyr justert etter Bystyre sak 067/17. Nye prisar gjeldande frå 01.07.2017

Gebyra er vedtatt i samsvar med:

  • Lov 2012-03-16 nr. 12: Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg
  • Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Flora kommune

Gebyr for vatn

 

Mengde

Mva. sats

Pris ekskl. mva    

Pris inkl. mva

Tilknytingsgebyr eigedomar som ikkje har betalt refusjon /opparbeidingskostnad:

Bygg med bruksareal      0-100 m2

25% mva av 25% av gebyret

45 065

47 882

For overskytande bruksareal over 100 m2 skal betalast eit tillegg.

Pr. påbyrja 100 m2 bruksareal

25% mva av 25% av gebyret

 2 938

  3 122

Tilknytingsgebyr for eigedomar som har betalt refusjon/opparbeidingskostnad:

Bygg med bruksareal      0-100 m2

25%

11 265

14 081

For overskytande bruksareal over 100 m2 skal det betalast eit tillegg.

Pr. påbyrja 100 m2 bruksareal

25%

734

918

Etter målt forbruk

pr. m3

25%

8,66

10,82

Stipulert etter bruksareal     *

 

25%

17,21

21,65

Utbygd bruksareal vert rekna etter midlare bruksareal:

0-100 m2

80m2 x kr 17,32

25%

1 386

1 733

101-150 m2

125m2 x 17,32

25%

2 165

2 706

151-200 m2 osv.

175m2 x 17,32

25%

3 031

3 789

Overskytande bruksareal pr. 50 m2 over 150 m2

25%

866

1 083

             

*Omrekningsfaktor for stipulert vassforbruk/avløpsmengd:
2 m3 vassforbruk / avløpsmengd pr. m2 bruksareal.

Gebyr justert etter Bystyre sak 067/17. Nye prisar gjeldande frå 01.07.2017

7. Avlaup

Gebyr for avlaup

 

Mengde

Mva. sats

Pris ekskl. mva    

Pris inkl. mva

Tilknytingsgebyr eigedomar som ikkje har betalt refusjon/opparbeidingskostnad

Bygg med bruksareal      0-100 m2

25% mva av 25% av gebyret

46 627

49 541

For overskytande bruksareal over 100 m2 skal betalast eit tillegg.

Pr. påbyrja 100 m2 bruksareal

25% mva av 25% av gebyret

3 042

3 232

Tilknytingsgebyr for eigedomar som har betalt refusjon/opparbeidingskostnad

Bygg med bruksareal      0-100 m2

25%

11 659

14 574

For overskytande bruksareal over 100 m2 skal det betalast eit tillegg.

Pr. påbyrja 100 m2 bruksareal

25%

759

949

Etter målt forbruk

pr. m3

25%

9,21

11,51

Stipulert etter bruksareal *

 

25%

18,42

23,03

Utbygd bruksareal vert rekna etter midlare bruksareal:

0-100 m2

80 m2 x 18,42

25%

1 474

1 843

101-150 m2

125 m2 x 18,42

25%

2 303

2 879

151-200 m2 osv.

175 m2 x 18,42

25%

3 224

4 030

Overskytande bruksareal pr. 50 m2 over 150 m2

25%

921

1 151

Slam:

Slamtømming

inntil 4,5 m3

25%

1 957

2 446

Tillegg for tankar over 4,5 m3

pr. m3

25%

5291

661

Gebyr for frammøte  slamtømming

 

25%

1 895

2 369

Ekstra tømming utanom tømmefrekvens på 2 år

 

25%

3 339

4 174

Ekstra tømming tank over 4,5 m3

pr. m3

25%

780

975

               

 

Tilleggsgebyr

 

Mva. sats

Pris ekskl. mva   

Pris inkl. mva

Avstenging/tilkobling av vatn

25%

550

688

Opplytting/påvising private leidningar

25%

550

688

Plombering vassmålar

25%

550

688

Ved purring for manglande vassmålaravlesing

25%

172

215

For kommunal vassmålaravlesing ved manglande avlesing

25%

550

688

Administrasjonsgebyr:

Søknad om sanitærabonnement/rørleggarmelding

25%

440

550

Søknad om vassmålarinstallasjon

25%

440

550

*Omrekningsfaktor for stipulert vassforbruk/avløpsmengd:
2 m3 vassforbruk/avløpsmengd pr. m2 bruksareal.

 

8. Renovasjon

 

Pris ekskl. mva

Pris inkl. mva

Minstegebyr

2 444

3 055

Øyane og Årebrot

3 202

4 002

Øyane og Årebrot med kompostering

2 725

3 406

Renovasjon hytter

1 270

1 587

Mat standard abonnement 80 liter / 140 liter

464

580

Mat 360 liter

1 413

1 766

Rest 140 liter

2 725

3 406

Rest 240 liter

4 759

5 949

Rest 660 liter

11 249

14 061

Ekstra avfallsekk, pris pr. sekk

98

122

Papiravfall er inkludert i gebyret for restavfall, og str på dunken vert den same som for restavfall

9. Veg

Alle prisar er ekskl. mva.

Administrasjonsgebyr:

Pris kr:

 

A)Fast sats-Arbeidsløyve m/graving

1 020

 

B)Fast sats-Arbeidsløyve u/graving

510

 

Forringelsesgebyr v/gravetiltak:

 

 

A)Fast sats

300

 

  1. Variabel sats ved bruk av kommunal grunn/veg

Vegtype

Prisgrupper pris fast sats pr. dag

 

0-50 m²

51-100 m²

Over 100 m²

Hovedvegar/Industrivegar

 33

 26

 23

Samlevegar/adkomstvegar

 25

 20

 18

Gang- og sykkelvegar, og fortau

21

 17

 15

Kontroll, oppfølging, admistrasjon, samordning av graveløyver
Pris pr. større arbeid:                                                                                                             kr. 2000,-
Pris pr. mindre arbeid:                                                                                                           kr. 1000,-

Gebyr – tidsoverskriding:
Gjeld frå første dag etter avtaleperioden er utløpt, eventuelt fram til det ligg føre løyve til bruk av kommunalt areal.

Utbygging-/gjennomføringsavtale:
Ved bruk av kommunal veg/grunn i større utbyggingar kan eigne prisar avtalast i ein utbyggings-/gjennomføringsavtale.

Riggplass, container, stillas, lift og liknande:
Ved plassering av rigg, container, stillas, lift eller annan bruk av avgiftsbelagte parkeringsplassar eller kommunalt fortau/grunn eller veg betalast leige ut ifrå pr. m² som blir nytta. Ved leige utanfor dette betalast dagsats pr. dag/mnd.

10. Parkeringsavgifter


Satsar for parkeringsavgifter er fastsett av Florø Parkering AS etter fullmakt frå Flora kommune. Tilleggsgebyr og tilleggsavgifter er i samsvar med nasjonalt regelverk.

11. Omsorgstenester

11.1 Vederlag for langtidsopphald i institusjon

Eigendel for langtidsopphald blir berekna på bakgrunn av bebuarane sine inntekter og frådrag, eit beløp til eigen disposisjon blir trekt ifrå. Dette utgjer 75% av fribeløpet, 25% av grunnbeløpet i folketrygda (G) og 15 % av inntekt over G. Fribeløpet og grunnbeløpet blir fastsett årleg av departementet. Renter av formue blir også rekna som inntekt. Sjølve formuen er personleg og vert ikkje tatt med i berekninga av eigendelen.

Årleg fribeløp for 2017

8000


Frå 1. juli 2014 vart forskrift for kommunale helse- og omsorgstenester endra. Bebuarar på dobbeltrom, utan sjølv å ønskje det, skal ved berekninga av vederlag bli tilstått eit fribeløp.

Fribeløp pr år

38300


(*Alle beløp/ prisar som følgjer statleg maksimalsats fastsett i forskrift, er med atterhald om godkjenning av statsbudsjettet)

11.2 Vederlag for korttidsopphald i institusjon/ bustad

Følgjer statleg maksimalsats fastsett i forskrift

155

11.3 Avlastningsopphald i institusjon/ bustad

Gratis

11.4 Vederlag for dag eller nattopphald i institusjon/ bustad

Følgjer statleg maksimalsats fastsett i forskrift

80

11.5 Heimesjukepleie

Gratis

11.6 Praktisk bistand

Gjeld alle former for praktisk bistand etter "Helse og omsorgstenestelova" som det kan takast eiga betaling for. "Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester" § 8 kap.2. regulerer høve for kommunen til å ta eigendel.

Prisane vert justert etter til ei kvar tid gjeldande satsar i Folketrygda (G) med følgjande inntektsgradering:

Netto inntekt

Timesats t.o.m. 9,9 t/mnd

Abonnement f.o.m. 10 t/mnd

Inntil 2G

145

(føl statleg maks. sats)    200

2 – 3 G

145

1 853

3 - 4 G

227

2 514

4 - 5 G

238

2 833

Over 5 G

249

  1. 177

11.7 Praktisk bistand – opplæring

Eigendel etter "Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester". som ovanfor for praktisk bistand i 12.6

11.8 Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Eigendel etter "Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester". som ovanfor i 12.6

11.9 Utgiftsskjerming

Vederlag bereknast på grunnlag av husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Siste tilgjengelege likning pr.1 januar det aktuelle året leggast til grunn. Hjelpestønad leggast til inntekta.

Dersom husstanden si samla inntekt er under 2 G, skal samla vederlag for tenester ikkje overstige eit tak på utgifter som følgjer statleg maksimalsats fastsett i forskrift jf. "Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester" § 10.

11.10 Tryggleiksalarm

Leige av tryggleiksalarm, pris pr mnd.

Analogt apparat (Skal fasast ut )

314

Leige av tryggleiksalarm, pris pr mnd.

Digitalt apparat – inkl.tlf. abbonement kr.25,-

340

Når det i husstanden er to brukarar bli det ein ekstra kostnad for to alarmknappar.
Dersom leverandøren endrar leigeprisen vert leigeprisen til kommunen endra tilsvarande.

Tildelast tryggleiksalarm som erstatning for tilsyn av heimetenesta etter "Helse og omsorgstenestelova", skal utgifta til tryggleiksalarm reknast med ved utgiftsskjerming under punkt 12.9 for husstandar med låg inntekt.

11.11 Velferdsteknologi

Flora kommune ser på løysingar der ulik velferds-teknologi kan nyttast for å trygge og auke mestring i kvardagen. Det kan bli eigendel for leige av slik teknologi.

11.12 Matombringing heimebuande
Vert fastsett av KF Flora Kjøkkenservice.

Normalpris:

Middag, liten porsjon

76

Middag, vanleg porsjon

90

Suppe/dessert

20

Alle prisar inkl. mva

Råvarepris ved utgiftsskjerming:

Middag, liten porsjon

41

Middag, vanleg porsjon

51

Middag, stor porsjon

82

Suppe/dessert

11

Tildelast matombringing som erstatning for praktisk bistand etter "Helse og omsorgstenestelova", skal delar av denne utgifta reknast med ved utgiftsskjerming under punkt 12.9 for husstandar med låg inntekt. Dette gjeld ikkje kostnad for råvarene.

11.13 Dagtilbod

Gratis.

Brukar må betale for maten – pris fastsettast av KF kjøkkenservice

Middag med dessert og kaffi

115

Frukost

38

11.14 Transport til og frå dagtilbod

Eigendel tur/retur, beløp pr dag

34

11.15 Støttekontakt

Gratis

11.16 Fotpleie

Fotpleie

433

11.17 Hårpleie 

Permanent

742

Farging

222

Glansvask

190

Hårkur

117

Vask og legg

233

Vask og føn

233

Klipp

207

12. Barnehagar

Forskrift om foreldrebetaling i barnehage ligg til grunn for fastsetting av foreldrebetalinga i Flora kommune. Frå 2017 er foreldrebetalinga regulert etter prinsipp i framlegg til statsbudsjett.

Framlegg til ny sats for foreldrebetaling frå 1. januar 2017 med bakgrunn i vidareføring av reell maksimalpris frå 2016.

Plasstilbod

Opphaldstid

Opphaldstid

Kostnad pr

Kostpengar pr

i %

pr veke

pr/dag og dagar pr/veke

månad

månad

100

41 t og meir

inntil 9,75 t kvar dag

kr 2730,-

kr 150,-

80

33-40 timar

4 dagar i veka

kr 2450,-

kr 135,-

60

25-32 timar

3 dagar i veka

kr 1895,-

kr 105,-

50

20-24 timar

annankvar dag/veke

kr 1590,-

kr 90.-

40

19,5 timar

2 dagar i veka

kr 1280,-

kr 70,-

timebasert

19 t og mindre

timebasert opphald/kjøp

kr 70,- pr/t

kr 70,-

 

 

einskildtimar

 

 

         

Reduserte tilbod vert organisert over heile dagar.

Tilrettelegging og organisering av barnegrupper vert bestemt i kvar barnehage, ut frå omsynet til einskildbarn og det heilskaplege tilbodet.

Kostpengar kjem i tillegg til opphaldsbetaling, og skal dekkje kostnadar til mjølk og frukt.

Moderasjonsordningar på opphaldsbetalinga

Ordninga med søskenmoderasjon vert vidareført:

  • 30% moderasjon for barn nr 2
  • 50% moderasjon for barn nr 3

Redusert foreldrebetaling med bakgrunn i låg inntekt

  • Ingen familiar skal betale meir enn 6% av hushaldninga sin samla skattepliktige  person- og kapitalinntekt for 100% barnehageplass for eldste barn, avgrensa opp mot gjeldande maksimalsats.
  • Ordninga er søknadsbasert

Gratis kjernetid 20 t/v for alle 3-, 4- og 5- åringar frå familiar med låg inntekt

  • Nasjonalt inntektsgrense for husstanden sin samla skattepliktige person- og kapitalinntekt frå 1. august 2016: kr 417 000,- 
  • Nasjonalt prisjustert forslag til inntektsgrense for husstanden sin samla skattepliktige person- og kapitalinntekt frå 1. august 2017: kr 428 000,- 
  • Ordninga er søknadsbasert

Ytterlagare informasjon om betalingsordningar, søknadsskjema, vedtekter  og oversikt over barnehagane i Flora kommune er å finne på www.flora.kommune.no.

13. Skulefritidsordning

Sjølvkostprinsipp; satsane vil variere frå skule til skule rekna ut i frå kommunen sine kostnader med ordninga ved den einskilde skule.

14. Utleige skulebygg

Gymsal

Under 19 år:

Lag og organisasjonar/private

82/82

Heil dag

Timepris

 

Over 19 år:

Lag og organisasjonar/private

133/328

Heil dag

Timepris

Aldersinndelinga gjeld når meir enn 50% av gruppa er innanfor gjeldande inndeling

Anna areal/rom

Klasserom

232

Kjøkken/spesialrom

347

Fugleberg (Torvmyrane)

694

Arrangement i helg, pris for heile helga

2 309

Overnatting, pris per person per natt

59

Dersom brukarar av skuleanlegg har spesielle bruksbehov som kan nedfellast i spesielle avtalar kan dette skje ved forhandlingar mellom den enkelte leigetakar og skulen. Hovudprinsippet er likevel å følgje prisane som er vedtekne i forskrift for prisar, avgifter og gebyr for kommunale tenester i budsjettdokumentet kvart år.

Det følgjer ikkje klagerett på prisfastsetjinga i forskrift for prisar, avgifter og gebyr for kommunale tenester. Økonomiavdelinga fakturerer etter oppgåve frå skulane.

15. Kulturskulen

Elevavgift

Pr år

Pr kvartal

Elevavgift

3 200

800

Søskenmoderasjon for 2. og 3. barn

2 100

525

Søskenmoderasjon for 4. barn og oppover

1 600

400

Orkester/kor/samspel – vaksne

2 000

500

Orkester samspel – barn

1 600

400

Orkester barn - moderasjon

1 000

250

Som del av talentutviklingsprogrammet i den nye rammeplanen ("Mangfold og fordypning" 2014), tilbyr kulturskulen utvida tid i musikk til dei ivrigaste.

40 min individuell undervisningstid

5 300

1 325

30 min individuell undervisningstid

4 250

1 063

 

Sal av tenester

Pris

Instruksjonstimar skulekorps pr undervisningstime

390

Instruksjonstimar frivilleg musikkliv pr undervisningstime

410

Instruksjonstimar pensjonistkor pr undervisningstime

360

Sal av tenester til inst./skular

Kostpris

Støttespeling/akkomp. kor/korps, pris pr musikar/time

400

Støttespeling/akkomp. inst./skular, pris pr musikar/time

Kostpris

Konsert, pris pr musikar

1 650

Skulekonsertar eigen produksjon, pris pr konsert/gruppe

Etter avtale

Sal av tenester til næringslivet

Etter avtale

 

Utleige av utstyr/instrument/materiell kostnad

Pris pr halvår

Cello, trekkspel, tverrfløyte, saksofon, klarinett

300

Fiolin

200

Små pianotrekkspel

150

Materiell kunst

150

16. Kultur og fritid

16.1 Ungdomstiltak

Inngangspengar diskotek

50

Bandavgift pr  person pr halvår

150

Leige 1. etasje inkl. biljard

600

Leige 1. etasje

500

Leige 1. etasje, større organisasjonar

1 500


16.2 Musikkbingen

Bandavgift pr. person pr. halvår

800

 

16.3 Bibliotek

For seint innleverte bøker/media

For 1. purring

30

For 2. purring

60

For 3. purring

100

Erstatning pr tapt media

For vaksne

450

For barn

270

Erstatning lånekort

10

 

16.4 Kino

Prisar inkl. mva

Vaksen

100

Ungdom/Honnør

90

Barn inntil 15 år

80

Kjøp av filmframsyning for firma og liknande

Etter avtale

Høgare prisar ved premièrar

 

16.5 Flora samfunnshus, kulturhusdelen

Kinosal, festsal lag og org / private aktørar

2 300/5 950

Møtesal lag og org / private aktørar

1 500/3 700

Møterom lag og org / private aktørar

1 000/2 600

Møterom nede lag og org / private aktørar

800/925

Vestibyle/foajè

Etter avtale

Ekstra lyd/lys m.v.

Etter avtale

Prisane gjeld for leigeforhold inntil 7,5 time.
Rabattar ved leige over fleire dagar.
Inkludert i leigeprisen er TV/video, flipover, tavle m/tusjar, overhead, reinhald og rigging.
Internettoppkopling inkl. i leigepris.

PC/kanon

375

Kanon i kinosal

625

Arrangement som strekk seg utover ordinær opningstid, pris pr. påbegynt time

575

Ved inntektsbringande arrangement er leigeprisen sett til 12% av billettinntektene

 

16.6 Kommunale idrettsanlegg i Eikefjord og Florø

Fleirbrukshallen Eikefjord:

Møterom, dersom ikkje anna avtale er gjort

100

Klubblokale, dersom ikkje anna avtale er gjort

100

Treningsrom

Etter særskilt avtale

 

Florahallen/fleirbrukshall Eikefjord, under 19 år:

Heil hall, idrettslag/private

241/241

1/3 hall, idrettslag/private

82/82

2/3 hall, idrettslag/private

164/164

Scene

82/82

 

Florahallen/fleirbrukshall Eikefjord, over 19 år:

Heil hall, idrettslag/private

379/543

1/3 hall, idrettslag/private

133/328

2/3 hall, idrettslag/private

251/435

Scene

130/320

 

Kunstgrasbane:

Under 19 år

195

Over 19 år

410

 

Naturgras:

Under 19 år

195

Over 19 år

410

 

Friidrettsstadion:

Under 19 år

195

Over 19 år

410

Prisane gjeld for heil bane pr time, fordelt på idrettslag og private leigetakarar.
Aldersinndelinga gjeld når meir enn 50% av gruppa er innanfor gjeldande inndeling.

16.7 Kampar fotball/arrangement/turnering/stemne

Kunstgras

Timepris som ovanfor

Florø stadion, naturgras

1 537

Florø stadion, friidrett

1 537

Florahallen

Timepris som ovanfor

Prisane gjeld arrangement i regi av idrettslag. Prisane gjeld for- og etterarbeid knytt til arrangementsavvikling. Ved behov for bemanning knytt til arrangementsavviklinga utanom ordinære opningstider fakturerast kr 575,- pr påbegynt time. Andre leigeforhold og kommersielle arrangement etter avtale.
Leige av kunstgras/naturgras og friidrettsstadion inkluderer tilgang til garderobe i Florahallen. Særleg tilrettelegging etter avtale.

17. Stab/støtte

Kopiering og skanning av originalar i storleik A4-A3 utførast med kopimaskin og fakturerast etter følgjande satsar:

A4

5

A3

10

Skanning, per sending

20