Seglebåt med jente

Kultur og fritid

skulpturfoto  Flora kommune skal innfri Kulturlova sin intensjon gjennom økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd lokalt, ved å syte for

a) at kulturlivet har føreseielege utviklingskår.
b) å fremje profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet, og legge til rette for deltaking i kulturaktivitetar.
c) at det er god tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak. 

Kultursektoren i Flora er delt på tenestene Kultur og fritid og Flora kommunale kulturskule.

Offentlege styresmakter sitt ansvar for kulturverksemd er lovfesta gjennom innføring av Kulturlova med verknad frå 01.08.07. Frå før av er både kulturskule (§13-6 i grunnskulelova) og folkebibliotek lovfesta.
 

Tenesta Kultur og fritid driftar Flora samfunnshus, Flora kommunale kino, Flora Folkebibliotek, ungdomshuset Haffen og dei kommunale idrettsanlegga. 

Kultur og fritid yt praktisk og økonomisk støtte til frivillig kulturarbeid gjennom lag og organisasjonar. Saksførebuing av kulturpolitiske spørsmål er del av tenesta sitt arbeidsfelt. Vidare arrangerer vi kulturmøte av ulike slag gjennom året. Den kulturelle skulesekken er koordinert av tenesta, og sikrar møte mellom profesjonelle kulturaktørar og grunnskulen.

Flora kommune sitt historieverk er forankra i tenesta. Sjå fana historie og kulturminne for meir informasjon.

Flora Samfunnshus er kommune si storstove med bibliotek, kino og rom for mange og varierte kulturarrangement. Flora samfunnshus har også teaterarrangørrolla lokalt gjennom avtalar med Riksteateret og Sogn og Fjordane Teater.

Det kommunale ungdomstilbodet er i hovudsak forankra i ungdomshuset Haffen. Flora kommune er også engasjert i Dans-uten-grenser. Prosjektet er fylkeskommunalt, og tilbodet blir koordinert og tilrettelagd lokalt. Flora kommune er MOT-kommune, kulturtenesta tek del med 2 MOT – informatørar i dette spleiselaget.

Tenesta har ansvar for drifta av dei kommunale idrettsanlegga. Kultur og fritid er planansvarleg for kommunedelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse, og forvaltar den kommunale sakshandsaminga av spelemiddelordninga.


Oversikt over kulturarrangement i kommunen finn du på Florø.noKystpuls og Kulturnett Sogn og Fjordane.