Seglebåt med jente

Ledig stilling: Furuhaugane omsorgssenter, vikariat avdelingsleiar

Furuhaugane omsorgssenter korttidsavdelinga har ledig vikariat som avdelingsleiar - 100 % vikariat frå 01.10.2017.- 30.09 2018.

Korttidsavdelinga har 35 tilsette og gjev tilbod om vurderingsopphald, rehabiliteringsopphald, avlastning og langtidspleie. Avdelinga disponerer 28 sengeplassar. Avdelinga har og ansvar for KAD plasser for somatikk, rus og psykiatri. Som avdelingsleiar blir du del av vårt dyktige leiarteam som fokuserer på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Pleie og omsorgssjef blir din nærmaste leiar, og du vil jobbe i leiarteam med 11 andre kollegaer. I tillegg har omsorgstenesta ein felles stab med gode støttefunksjonar.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar er du arkitekten og bygger eit godt og produktivt arbeidsmiljø for den avdelinga du skal leie. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di, og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har satt.

Vi ynskjer deg som har lyst til å vere leiar! Og vi vil ha:

  • deg som "ser" dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt
  • deg som er strukturert og tydeleg
  • deg som er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
  • deg som liker endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette
  • deg som er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • deg som liker å ha ansvar, tek ansvar og ansvarliggjer tilsette

Kompetanse

Minimim 3 årig høgskule innan helse og omsorg. Du bør ha vidareutdanning i leiing. Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er  CosDoc, MinVakt og Websak.

Økonomiansvar

Avdelingsleiar skal ilag med fagleiar for økonomi utarbeide årsbudsjett for avdelinga og er ansvarleg for ei drift i balanse. Månadsrapportering til pleie og omsorgssjef.

Vi tilbyr

Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag. Godt fagleg miljø med blant anna internundervisning. Vi legg til rette for meir leiarutdanning/kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar. Ynskjer du meir utfyllande informasjon om stillinga kan du ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm på mobil 99 02 87 39.

God pensjonsordning i KLP og gode lønsvilkår.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 07.08.2017.