Båtar i hamna

Offentleg ettersyn: Privat detaljreguleringsplan Stavang

Plan- og samfunnsutvalet har i sak 012/17 godkjent at framlegg til «Privat detaljreguleringsplan - Stavang, del av GBnr 98/11, hytter» planid 20160106, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan og bygningslova. 

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for to nye hyttetomter på del av gbnr. 98/11 på Øyna i Stavang. Planframlegget omfattar heile området som i dag er regulert til hytter i disposisjonsplan, planid 19890113, samt tilgrensande sjøareal. Planframlegget vil erstatte og oppheve gjeldande disposisjonsplan for området. Dei to nye hyttetomtane ligg på austsida av Øyna, og er trekte bort frå sjøen. Tomtane vil ha gangtilkomst, og planen legg til rette for at det skal opparbeidast parkeringsplassar på fastlandet. Planen legg og til rette for utlegging av flytebrygger i sjø på nordsida av Øyna, innanfor definerte byggegrenser. Dette er i hovudsak ei vidareføring av dagens situasjon. Planframlegget er ikkje vurdert å utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon og service, Flora samfunnshus i tidsrommet 07.07.- 01.09.2017.

Frist for merknader

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk høyringsskjema på denne linken. De kan og sende merknader/innspel per post til Flora kommune, plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø, eller via e-post til postmottak@flora.kommune.no, innan 01.09.2017.

Dokument