Skulestart
logao Val 2017

Stortingsvalet 2017 - Førehandsrøystinga startar 10. august

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen som høver best for deg.

I Flora kan du førehandsrøyste ved Informasjon og service i Flora samfunnshus frå 10. august til og med 8. september.

Det vert førehandsrøysting på Informasjon og service:

  • Måndag – fredag kl. 09.00 – 15.00
  • Torsdag 07. september 09:00 – 18:00
  • Laurdag 02. september 10:00 – 14:00

Ta med legitimasjon og valkortet du har fått tilsendt når du skal røyste. Ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til valstyret i bustadkommunen din innan valdagen.

NB! Legitimasjon er obligatorisk, men du kan røyste sjølv om du ikkje har med deg valkortet.

Førehandsrøysting på "Røystebåten" – veke 36
Røystebåten "Dagning" legg til kai torsdag 7. september nær deg som bur i utkanten av Flora kommune. Tidspunkt for desse anløpa vert annonsert 1.september.

Institusjonar:
Det vert førehandsrøysting på Furuhaugane omsorgssenter og Flora omsorgssenter 4. september og på Docen og i Havreneset (omsorgsbustader) 5. september. Tidspunkt for førehandsrøysting på institusjonane vert annonsert 1. september.

Ambulerande røystemottak
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.

Du kan ringe til valstyret sin sekretær på telefon 57 75 62 09, sende e-post til: ester.froyen@flora.kommune.no,  eller ved skriftleg søknad til:

Flora kommune
Valstyret
Markegata 51
6900 Florø

Søknaden må være valstyret i hende innan onsdag 6. september.