Båtar i hamna

Utlegging av manntal

valglogo_gull_nynorsk.jpg

Dersom du ikkje står oppført i manntalet for Flora kommune kan du ikkje røyste ved Stortings- og sametingsvalet i Flora i september (VL § 2 - 6, jf. §2-7).

Du kan no undersøkje om du står i kommunen sitt manntal når det frå og med tysdag 18. juli og fram til valet 11. september ligg ute til offentleg ettersyn her:

  • Informasjon og service, Markegata 51, 6905 Florø eller på tlf. 57756000
  • Spar Eikefjord

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har motteke flyttemeldinga innan 30. juni 2017, skal du stå i tilfyttingskommunen sitt manntal. Dersom meldinga vart motteke etter denne datoen, står du framleis i den kommunen du flytta i frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen, eller førehandsrøyste.

Tid og stad for førehandsrøystinga vert kunngjort særskild.

Klage

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre er blitt feilaktig innført eller utelatne frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.

Kravet vert å sende til valstyret i Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.