Skulestart Florø barneskole

20120101 Notøbakken Gbnr. 27/33 m.fl - Bustad

lupe3[1].jpg   Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til:

   Flora kommune
   Plan og Samfunn
   Markegata 51
   6900 FLORØ      innan 15.08.2013

Privat Detaljreguleringsplan Notøbakken, gbnr 27/33 m.fl. - Bustad. Planid: 20120101.

Flora bystyre har i sak 018/13 godkjent Privat detaljreguleringsplan Notøbakken, gbnr 27/33 m.fl. - Bustad.  Planområdet ligg vest for Flora ungdomsskule. Reguleringsplanen legg til rette for omlag 35 nye bustader med parkering under bakken i tillegg til eksisterande bustader der det er høve til fortetting. Det er også lagt til rette for einsidig busslomme for av- og påstiging ved skulen. I samsvar med bystyrevedtaket er planen endra som mindre reguleringsendring , delegert sak 001/13, på bakgrunn av merknader til planforslaget.

Vedtak
Føresegner
Plankart etter mindre endring
ME 12.06.2013

Dei godkjende reguleringsplanane er tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon- og Service,(Tenestetorget), Samfunnshuset,  frå mandag 15.07.2013.
Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen og sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, innan 15.08.2013.

Evt. krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vere framsett seinast 3 - tre - år etter denne kunngjeringa