Skule og utdanning
Flora kommune har 9 skular, deriblant to ungdomsskular. I tillegg til dette har KF Innvandrarsenteret ansvaret for norskopplæringa for vaksne. Dette er i hovudsak eit tilbod for asylsøkjarar, men også arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har flyktningbakgrunn kan delta.
Skulane
I menyen til venstre finn du eit kart med oversikt på kvar skulane er lokalisert i kommunen. Kontaktinformasjon til kvar einskild skule finn du i denne nedtrekksmenyen:
Ferie og fridagar
Oversikt på ferie og fridagar finn du på lenkjene under:
- Ferie- og fridagar skuleåret 2017 - 2018
- Ferie- og fridagar skuleåret 2018 - 2019
- Ferie- og fridagar skuleåret 2019 - 2020
Reglement
Her finn du forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune. Reglementet vert gjeldande frå 01. august 2015.
SFO
Kva skule som tilbyr skulefritidsordning finn du på kvar einskild skule si heimeside. Du kan også kontakte skulen direkte.
Flora kommune har vedteke eigne vedtekter for SFO:
Innskriving i skule
Nærskulen vert berekna ut frå nærleiksprinsippet (jmf. Opplæringslova § 8-1). Det er ikkje naudsynt å søke om å melde barnet opp til skuleplass, dette skjer automatisk. Du får eit brev frå oss når dette er aktuelt.
Flytting
Ved flytting tek foreldra kontakt med skulen i god tid. Skulen fyller då ut eit flyttemeldingsskjema.