Ytteroyane

Søk på kulturmidlar for 2019!

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søke på kulturmidlar innan 28. april. 

Levekårsutvalet skal fordele kr. 300.000,- i kulturmidlar til godt gjennomarbeidde kultur- og idrettsprosjekt. Prosjekt med fokus på barn og unge blir prioriterte framfor driftstilskot. Nyskaping og samarbeid på tvers av organisasjonar blir vektlagt. 

Gå til søknadsskjema og retningsliner for kulturmidlar her!