Båtar på hamna

Presentasjon av nytt administrasjonsbygg i Flora

Flora formannskap fekk i går lagt fram eit skisseutkast for nye administrasjonslokaler tilknytt rådhuset i Flora kommune. Planane inneheld også løysingar for dei andre eigarane i kvartal 25, - med butikkareal, næringsareal, bustader og parkeringsetasjar som saman med administrasjonslokala for kommunen er sentrale og viktige element for ei framtidig positiv utvikling av sentrumskjernen og Strandgata.

Det som vart lagt fram for formannskapet er eit skisseutkast for mogeleg vidare utvikling av kvartalet og eit grunnlag som det skal arbeidast vidare med både i volum/storleik, utforming og materialbruk. Mest truleg vil skisseutkastet bli redusert i storleik i den vidare bearbeidinga, men prinsippa og strukturen i utkastet vil i utgangspunktet bli lagt til grunn for det vidare prosjekteringsarbeidet med kvartalsløysinga og behova for både kommunen og dei private eigarane. 

Bakgrunn

Planen som vart lagt fram for Flora formannskap er eit samarbeid mellom Flora kommune og Kvartal 25 Florø AS. I juni 2018 inviterte Flora kommune og KV25F følgjande arkitektselskap til å delta i eit parallelloppdrag:

  • Salt Arkitekter, Florø
  • HLM Arkitekter, Bergen
  • Asplan Viak, Bergen
  • JOB Arkitekter, Stavanger

Eit parallelloppdrag er ei idéutvikling der det ikkje vert kåra ein vinnar, men der oppdragsgjevar betalar for, og får eigedomsrett til utarbeidd materiell. Oppdraget gjekk ut på å illustrere korleis Flora kommune og KV25F sine behov kan løysast innanfor området Kvartal 25. Den 17. oktober 2018 leverte tilbydarane sine bidrag anonymt. 

Under evalueringa av dei innleverte bidraga blei det konkludert med at å sjå på rådhuset som eit knutepunkt er det beste utgangspunktet for prosjektet. 

Meir informasjon

Nedanfor kan du sjå presentasjonen som vart lagt fram for Flora formannskap, med ein illustrasjonsvideo for korleis eit nytt administrasjonsbygg med tilhøyrande butikkareal kan sjå ut.