Seglbåt med jente

NAV Flora først i fylket med tilbod om digital søknad om sosialhjelp

Innbyggjarar i Flora kommune kan no velge å søkje sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. Den nye løysinga gjer at innbyggjarane kan søke heimanfrå heile døgnet og også via mobilen sin.

- Innbyggjarane forventar at også sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier NAV-leiar Inger Jorun Årseth. For å søkje sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar.

Treng ein hjelp til utfyllinga, kan ein ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Mange kan og få hjelp på NAV-kontoret i opningstida. Søkarar som av ulike årsaker ikkje kan eller vil nytte seg av den digitale kanalen, kan fortsett møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.

Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode, og mange brukarar ønskjer helst å søke digitalt. Tal digitale søknadar i desse kommunane varierer mellom 30 og 50 prosent.