Seglbåt med jente

Nytt system for å søke barnehageplass

Søknadsfristen til samordna inntak til barnehageåret 2019-2020 var 15. februar, og alle søkjarar til hovudinntaket vil få svar på barnehagesøknaden i løpet av veke 9. 

Flora kommune skal ta i bruk nytt administrativt barnehagesystem, Tieto Education, og vil nytte perioden 20. til 28. februar med å oppdatere informasjon og lenker til det nye systemet. Du vil derfor ikkje finne tilgjengeleg søknadsskjema for barnehageplass desse dagane. 

Frå 04. mars 2019 vil du igjen kunne søkje om barnehageplass. Då vil du også finne ny informasjon om søknadsprosessen.