Skulestart Florø barneskole

Sjukepleiarane i omsorgstenesta treng fleire kollegaer!

Har du lyst på ny jobb, er du lei av  å pendle, eller tenkjer du på å flytte heim igjen eller har lyst til å flytte til vår flotte kystby? Vi har 12 ulike avdelingar som treng din kompetanse. Ta kontakt, så får du vite meir. Frå 2020 blir vi Kinn kommune, og du kan bli med på spennande arbeid med å slå i saman to kommunar. Vi hjelper gjerne med å skaffe bustad, barnehageplass og kan knytte kontaktar med aktørar som kan ha arbeid til sambuar/ektefelle.
 
Vi har: 
  • Dyktige kollegaer med mykje kompetanse
  • Kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning
  • Årsturnus
  • Systematisk etisk refleksjon
  • Utviklingsfora for høgskuleutdanna 
Vi har to- og tredelt turnus, og dersom du kan tenkje deg til å jobbe på fleire avdelingar kan vi ordne det! Vi kan eigentleg ordne mykje, og berre det er vel verdt ein samtale med oss? Om du berre blei litt nysgjerrig - ta kontakt, vi har mykje å fortelle!
 
Ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm, tlf. 99028739, e-post ragnhild.holm@flora.kommune.no.
 
Elektronisk søknadsskjema finn du her. Søknadsfrist: 01. september 2019.