Båtar på hamna

Oppstart av planarbeid: Stavang, del av gbnr. 98/4

Med heimel i § 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for privat detaljreguleringsplan -  Stavang, del av Gbnr. 98/4,  Fritidsbustad/bustad.  Saka har vore vurdert som planspørsmål i Plan- og samfunnsutvalet (Sak 0156/18), og det ha vore oppstartsmøte med Flora kommune 11.01.2019.

Plannamn: Stavang, del av Gbnr. 98/4, Fritidsbustad/bustad.
Planid: 20190102.
Merknadsfrist: 23.04.2019.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Kristian Grov. Utførande plankonsulent er sivilarkitekt MNAL Kjell Aage Udberg.

Planområdet
Planområdet ligg i Flora kommune, nær Stavang sentrum, og er i utgangspunktet avgrensa som vist på kartutsnitt i vedlegg. Kartet viser heile teigen som er på ca. 30 da, men planen vil bli avgrensa til eit areal på ca. 15 da som ligg innafor område som i kommuneplanen er avsett til spreidd busetnad.

Informasjon og medverknad:
Plandokumenta er tilgjengeleg på kommunen si heimeside - frist for innspel er 23.04.2019.
For nærare informasjon kontakt:
Kjell Aage Udberg, Sivilarkitekt MNAL, tlf. 95208960, e-post udberg@enivest.net.

Merknader til oppstartsvarselet:
Merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til Sivilarkitekt MNAL Kjell Aage Udberg  per. brev eller e-post innan 23.04.2019.

Kjell Aage Udberg
Sivilarkitekt MNAL
Furelia 21
6814 Førde
E-post: udberg@enivest.net

Vedlegg