Skulestart Florø barneskole

Varsel om planoppstart: F.v. 548 Brandsøyvegen

Statens vegvesen skal i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Flora kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet, og ber om innspel til arbeidet. 

Det er i dag bygd fortau langs fv. 548 Brandsøyvegen, frå Florø sentrum og ut til Dragselva. Det skal no byggast fortau vidare mot Haugaskjera. Strekninga er regulert med fortau i dag, og deler av strekninga er allereie tilrettelagt for bygging av fortau. På deler av strekninga er det likevel naudsynt med ny reguleringsplan. Kartet i vedlegget viser strekninga der vi skal i gang med ny reguleringsplan.

Målet med planen er å auke tryggleik og framkomst for gåande langs fv. 548 Brandsøyvegen, inn mot Florø sentrum. 

Informasjonsmøte

Det vil verta ope informasjonsmøte om tiltaket i Flora samfunnshus måndag 8.4.2019 kl. 18.00 – 20.00, der det vil verta mogelegheit for å stille spørsmål. 

Innspel til arbeidet
Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 14.05.19
Send det skriftleg til firmapost-vest@vegvesen.no eller til:  

Statens vegvesen region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger 

Har du spørsmål, kan du også kontakte Silje Aaberge Aalbu på telefon 57655804 eller e-post silje.aalbu@vegvesen.no.