Seglbåt med jente

Program for å styrke omsorg og oppvekst for barn og unge

Kva er ICDP?
International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggande program som har som mål å styrke omsorga og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot omsorgsgjevarane og skal styrke deira omsorgskompetanse. ICDP blei utvikla av professor Karsten Hundeide og professor Henning Rye ved Universitetet i Oslo. ICDP er anerkjend, og bl.a UNICEF og WHO nyttar programmet.

Nyare forsking viser at barnet sitt samspel med sine nærmaste omsorgsgjevarar er avgjerande for barnet si utvikling. ICDP har som sin grunntanke at den beste måten å hjelpe eit barn på, er å hjelpe barnet sin(e) omsorgsperson(ar), og at den mest verknadsfulle strategien er å støtte og bevisstgjere barnet sitt stabile omsorgsnettverk.

Korleis blir programmet gjennomført?
Programmet blir gjennomført i grupper av omsorgspersonar som blir leia av lokale ressurspersoner (pedagogar og tospråklege assistentar) som er sertifiserte og trent i intervensjonen.

Det blir oppstart av ei ny gruppe kvar vår og haust. Tiltaket blir gjennomført i 8-12 gruppemøter. I desse møta blir følgjande tema gjenstand for erfaringsutveksling og praktisk utprøving:

  • Omsorgsgjevar si oppfatning av barnet med vekt på fremje det positive i samspelet
  • Tre dialogar og ”8 tema for godt samspel”

Kven kan vere med?
ICDP er eit program for alle foreldre og omsorgsgjevarar til barn i alderen  0 – 18.

Du kan vere med om du ønskjer å:

  • vidareutvikle ein god relasjon med barnet ditt.
  • få stadfesting på kor viktig samhandlinga mellom deg og barnet ditt er for barnet si utvikling.
  • oppleve deg sjølv som kompetent og meistrande i kontakta og samspelet med barnet ditt.

Programmet er tilpassa foreldre og omsorgsgjevarar med anna språkleg og kulturell bakgrunn. Det er ein fordel, men ikkje krav om, at begge foreldre deltek i rettleiinga.

Les meir informasjon om programmet her.

Interessert? Ønskjer du å vite meir?
Ta kontakt med styrar, pedagogisk leiar eller helsesøster, som formidlar vidare til koordinator for ICDP for foreldre og omsorgsgjevarar til barn i barnehagealder.

Du kan òg kontakte koordinator Kari Berge direkte på e-post kari.berge@flora.kommune.no, eller telefon 916 44 058.

ICDP programmet er eit tilbod til foreldre og omsorgsgjevarar i alle barnehagane i Flora kommune.