hamnebasseng langt

Varsel om planoppstart Bjørnset

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen §12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter §12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er del av gbnr. 81/1 m.fl. på Bjørnset. Tiltakshavar for planarbeidet er Sunquest Maritime Consultancy AS v/Ove Stavø.

Det er i dag fleire fritidseigedomar og bustadar innanfor området. Der er også etablert småbåthamn i sjø. I Flora kommune sin arealdel 2017-2027 er området sett av til framtidig bustad
(område B11) og LNF på land, i sjø til Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og småbåthamn. Der er fleire stadar innanfor området med omsynssone for ras- og skredfare (H310). Fjordområde har omsynssone for Bevaring av naturmiljø (H560_1). Det er i overordna plan krav om felles planlegging for området B11.

Der føreligg ikkje reguleringsplan for aktuelt området, men planområdet grensar til eksisterande reguleringsplan Bjørnset, Gbnr. 81/5 og 37. Massetak – bakkeplanering, datert 06.11.2012, planid: 20100103, i mot sør. Sjå utsnitt frå kart i vedlegg 2.

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for bustadar med tilkomst og tilhøyrande infrastruktur, båthamn for bebuarar med bryggje, naust, rorbu til felles bruk, samt friområde for
rekreasjon og friluftsliv i områda rundt. For etablerte fritidsbustadar er desse tenk regulert inn etter eksisterande situasjon.

Varsla planområde er på omlag 100 daa og er vist i kart i vedlegg 2. Varsla planavgrensing er i aust noko større enn område avsett til bustadformål i overordna plan. Dette er for å kunne vurdere alternative tilkomst-moglegheiter til bustadområdet i planprosessen. Det er i hovudsak ikkje tenkt andre tiltak innanfor austre del av planområdet. Endeleg planavgrensing kan bli justert i planprosessen.

Det er gjennomført planoppstartsmøte med Flora kommune den 06.11.2017. Planarbeidet er i samsvar med overordna plan og er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.
God landskapstilpassing, fjernverknad, estetikk og arkitektonisk utforming, teknisk infrastruktur, miljøfaglege tilhøve, tilkomst, trafikktryggleik, born og unges interesser, rekreasjon, strandsone og klima er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen. Aktsemds- og bevaringsområder vert gitt nærare vurdering i planarbeidet. Konsekvensar/verknader av forslag til plantiltak/-løysing vil bli omtalt i plandokumenta inkl. ROS-analyse.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 03.05.2019. E-post post@ivestconsult.no, per brev til iVest Consult, Strandgata 15, 6905 Florø.

Vedlegg