hamnebasseng langt

Kulturprisane 2019 - nominer kandidatar!

Kvart år heidrar Flora kommune einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturarbeid i året som gjekk.
No kan du komme med innspel på kven som fortener heideren!

Vi tildelar prisar innan fire kategoriar; byggeskikkpris, kulturpris, mangfaldpris og ungdommens kulturpris.

Send inn grunngjevne kandidatar innan 30. april 2019, til postmottak@flora.kommune.no, eller per post til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Byggeskikkprisen
Prisen skal gå til den byggherre, arkitekt eller byggmeister som ved nybygging, ombygging, påbygging eller restaurering har vist god byggeskikk i kommunen dei siste 5 åra.

Kulturprisen
Går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturarbeid i året som gjekk. Lang og tru teneste og/eller spesielt stor innsats på eitt eller fleire kulturområde er viktige kriterium for tildeling.

Mangfaldprisen
Går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerka seg innan kulturfeltet i året som gjekk, og for å ha fremja samkvem og forståing mellom folk frå ulike kulturar.

Ungdommens kulturpris
Prisen går til nokon som har lagt ned stor innsats for å styrke ungdomskulturen, eller har utvikla seg sjølv til eit høgt nivå innan eit kulturområde eller har gjort ein stor innsats for andre ungdommar.