Seglbåt med jente

Sommarjobb hos Fjordkysten Friluftsråd

Fjordkysten Friluftsråd logo.png

Fjordkysten Friluftsråd er eit interkommunalt Friluftsråd med Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy som medlemskommunar. Vi arrangerer friluftsskular for born 9-13 år i Solund, Flora og Bremanger og vil kunne trenge nokre instruktørar der til skulane som går over 3 dagar. Vi kan og ha behov for nokon som kan vere ryddekontakt i kommunane opp mot arbeid med marin forsøpling. Løn etter avtale.

Kort og begrunna søknad med CV sendast til bjarte@friluftsrad.no innan 23. april. Aktuelle kandidatar vert kontakta med tanke på intervju, og tek då med naudsynt dokumentasjon. Om du ikkje oppfyller alle krava, men har stor interesse, ta kontakt med oss.

Krav (kvalifikasjonar Friluftsskule el. ryddekontakt)

  • Vere glad i natur og friluftsliv
  • Like å arbeide med barn og unge
  • Ha førarkort klasse B
  • Ha båtførarbevis og erfaring med føring av båt
  • Kunne framlegge gyldig politiattest

Ønska kompetanse

  • Friluftslivs- eller lærarstudenter ved høgskoler eller universitet
  • Førarkort klasse B og helst BE og disponere eigen bil
  • Instruktørkurs i padling og klatring
  • Førstehjelps-/livredningskurs
  • Lokal kjennskap til fleire av kommunane er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Roleg
  • Lyttande
  • Handlekraftig