Ytteroyane

Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan fotballhall/friluftsområde ved Litlevatnet

Plan og Samfunnsutvalet har i saknr. 013/19 godkjent at framlegg til Detaljreguleringsplan for Litlevatnet, gbnr 27/5 mfl, fotballhall/friluftsområde, planid 20180102 vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan-og bygningslova § 12-10. 

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for fullskala fotballhall, med tilhøyrande uteareal, tilrettelegging i kringliggande friluftsområde, tilkomst og parkering.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 24.05.- 05.07.2019.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk-høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6905 FLORØ, eller via epost til postmottak@flora.kommune.no, innan 05.07.2019.

Sakshandsamar: Heidi Dyrøy, tlf. 94155052.

Plandokument

Utgreiingar / tilleggsrapportar:

Eldre grunnlagsrapportar: