Båtar på hamna

Gratis levering av hageavfall på SAR

Som ein del av snigledugnaden, og for å førebygge spreiing av svartelista planteartar som t.d. parkslirekne, har vi i år gratis levering av hageavfall helie sommarsesongen. 

Det som kan leverast er greiner, gras, mindre røter og kvist og kvast etter rydding. Steinar, jord, trevirke og trer kan ikkje leverast i denne ordninga. SAR kontrollerer at dette vert fylgt. Dersom du har større oppryddingsarbeid, som t. d. fjerning av hekk, kan SAR (tlf. 57 75 26 00) kontaktast for pris. 

Sidan vi prøvar ut eit nytt komposteringsanlegg med begrensa kapasitet, er det fint om dei som kan, utset leveringa til litt utpå sommaren, slik at vi får ein jamn tilførsel og kan ta unna hageavfallet etter kvart som det kjem inn. 

NB: Plantedelar av parkslirekne må leverast i tette plastsekkar for å hindre spreiing under transporten