Båtar på hamna

Barneverntenesta søker fleire besøksheimar

Barneverntenesta i Flora treng fleire besøksheimar. Vi legg vekt på at ein mellom anna må vere stabil, påliteleg, og vere villig til å forplikte seg over tid.
 
Vi søkjer no særskild etter følgjande:
  • Behov 1: To søsken i barneskulealder treng besøksheim 1 helg/mnd. + ettermiddag/veka. Ein ønskjer fleksibilitet høve til å ha ein eller begge om gongen. Kjekt om du har gard eller har dyr, men ingen krav. Område Førde og omegn. For meir informasjon ta kontakt med Britt Bergkvam, tlf. 57 75 68 00/ 415 30 155.
  • Behov 2: To søsken i barnehagealder, treng reservebesteforeldre, eller vaksne utan småbarn for besøksheim 1-2 helger/mnd. + evt. ettermiddag/veka. Må ha bil. Område Florø og omegn. For meir informasjon ta kontakt med Tove Lise Gaare Mo, tlf. 57 75 68 00 / 415 30 151.
  • Behov 3:  Eit barn i barneskulealder treng besøksheim 1-2 helger i månaden + 1-2 ettermiddagar/veka. Vi ser etter vaksen utan eigne barn som er rolig, trygg, varm, venleg og bestemt, og har tid til å ta barnet med på ulike aktivitetar. Må ha bil, området er Florø og omegn. For meir informasjon ta kontakt med Monika Siv Nordal Norstrand tlf. 57 75 68 00/415 30 126.