Seglbåt med jente

Sesongen for gratis hageavfallsordning på SAR vert avslutta 15. august

Det har vore stor pågang og mange har nytta seg av å kunne levere hageavfall gratis.

Ordninga er eitt av tiltaka for å hindre spreiing av framande artar, som parkslirekne, lupin og brunsnegl.

Du kan framleis levere hageavfallet ditt til SAR, men frå og med 16. august er dette ei teneste du må betale for.

Det vert gjort ei evaluering i løpet av hausten, for vidareføring til neste år.