Skulestart Florø barneskole

Kunngjering av planvedtak Krokane gbnr. 26/567, næring, planid 20160104

Klagefrist 10.01.2020

Kunngjering av planvedtak

Flora Bystyre vedtok i møte 12.12.2019 sak 083/19 Privat detaljreguleringsplan – Krokane, gbnr 26/567, næring, planid 20160104, med planomtale og ROSanalyse, plankart og føresegner sist datert 15.10.2019.

Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for endra næringsaktivitet på området som tidlegare har vore nytta til daglegvarebutikk. Forslagsstillar Grønsberg Bygg AS ønsker å utvide område for næring slik at dei og kan nytte delar av område som ikkje er utbygd i dag til dette formål, samt endre formål frå daglegvare til annan type næring.
 

Bystyret fatta følgjande vedtak:

  1. Flora Bystyre vedtek framlegg til Privat detaljreguleringsplan – Krokane, gbnr 26/567, næring, planid 20160104, med planomtale og ROSanalyse, plankart og føresegner sist datert 15.10.2019
  1. Reguleringsplanar / delar av reguleringsplanar som av Privat detaljreguleringsplan – Krokane, gbnr 26/567, næring, planid 20160104 får konsekvensar for, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner blir oppheva. Dette gjeld heile/delar av følgjande planar:
  • Reguleringsplan for del av Krokane Vest Felt A, Veg, Bustad, Forretning mm, planid 19880105
  • Utbyggingsplan for Krokane Vest - Område H3 - Felt A, Bensinstasjon/daglegvareforretning, planid 19970207.

Link til dokumenta i saka finn de nedanfor.

Saksutgreiing PDF document ODT document
Planomtale
Føresegner
Plankart
Innkomne merknadar
Motsegn til detaljreguleringsplan
Innspel etter høyring

Vedtaket kan påklagast av ein part eller ein annan med rettsleg klageinteresse i saka, jfr §28 i forvaltningslova. Klagen må sendast til Flora kommune einast tre veker etter at vedtaket er mottatt, eller klagar på anna måte er blitt gjort kjend med innhaldet. Klagen kan sendast Flora kommune  til postmottak@flora.kommune.no  merka med planid: 20160104 eller til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Planvedtaket blir kunngjort i Firdaposten 20.12.19 Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 10.01.2020. (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).