Seglbåt med jente

AKAN-reglement

1. Innleiing

Flora kommune si målsetting er gitt i samsvar med lov- og avtaleverket og eigne vedtak.

Å opprette eit rusfritt arbeidsmiljø ved hjelp av sakleg informasjonsarbeid og ved å gje
tilbod om hjelp til tilsette med rusmiddelproblem . Tilbod om hjelp kan også gjevast til tilsette
som er speleavhengige.

Arbeidsreglementet for Flora kommune §26.2:
Arbeidstakaren må ikkje vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida.
Tilsette som bryt denne regelen ved å opptre rusa i tenesta skal visast bort frå
arbeidsstaden.

Ved 2. gangs tilfelle skal det vurderast om ein skal gi tilbod om hjelp etter kommunen
sine retningsliner for misbruk av alkohol eller andre rusmiddel. Jf pkt.30 om avskil.

2. Definisjonar

Akan er - Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk (tidlegare.
Arbeidslivets Komité mot Alkoholisme og Narkomani.)

Rusmiddelbruk i høve arbeid er

  • all bruk av rusmiddel i arbeidstida
  • all framferd i påverka tilstand i arbeidstida
  • bruk av rusmiddel utafor arbeidstida i eit slikt omgang at det enten fører til fråvær frå
    arbeid, eller at vedkommande ikkje kan utføre arbeidet sitt på ein skikkeleg måte.
  • Akan-kontakt er kontaktperson utnemnd for dei ulike tilsette-kategoriane. Utnemning
    skjer for 2 år om gongen av AMU etter framlegg frå arbeidstakarorganisasjonane. Det
    er høve til attval. Akan-kontaktane skal :
  • vere tilgjengelege for kollegaer og leiarar som ønskjer å diskutere eigne og andre sine
    rusproblem
  • ha ansvar for opplæring og rettleiing av personkontaktane.

    Personkontakt er kontaktperson utnemnd av den som har eit rusproblem.

    Det vert vist til vedtaka for namn på representantar og kontaktpersonar.

3. Ansvar

Den som har rusproblem har hovudansvaret for å gjere noko med det, men
alle tenesteleiarar/avd.leiarar har ansvar og plikt til å ta opp rusing dei sjølve oppdagar
eller får rapport om. Likeeins har einkvar medarbeidar ansvar for å melde frå om
rusproblem til sin næraste overordna.

Næraste overordna har ansvar for at arbeidstakar som har rusproblem får hjelp etter
Akan-opplegget.

For å få råd, kan alle som ønskjer det vende seg til Akan-hovudkontaktene eller til
bedriftshelsetenesta. Desse har teieplikt, og vil i samarbeid med den som har problemet
kunne finne fram opplegg for hjelp/støtte. Eit slikt uformelt og frivillig Akan-opplegg
fører ikkje til registrering.

4. Saksgang

Reaksjonsgrunnlag for åtvaringar

  • å møte påverka av alkohol
  • å bruke rusmiddel i arbeidstida
  • å bruke rusmiddel utanom arbeidstida slik at det fører med seg fråvær, at arbeidet ikkje
    vert utført tilfredstillande, eller at tryggleiken for både seg sjølv og andre vert sett i
    fare.

    Åtvaringssystemet
    Ved første gongs brot på arbeidsreglementet gjev tenesteleiar ei skriftleg åtvaring.
    Åtvaringa skal følgjast opp med ein personleg samtale, der det om ønskjeleg er
    tillitsvald med. Det vert orientert om at AKAN-kontakt og BHT får vite om denne
    åtvaringa og om at det kan søkast råd hos desse.

    Ved andre gongs brot gir tenesteleiar vedkommande ei ny skriftleg åtvaring, med kopi
    til tillitsvald, hovudkontakt og bedriftshelsetenesta (BHT). Den som tek mot ei andre
    gongs åtvaring, får tilbod om å nytte seg av eit individuelt tilpassa Akan- avtale og å gå
    inn i eit Akan-opplegg i samarbeid med BHT og hovudkontakt. Alternativet er at saka
    vert handsama som ei vanleg personalsak.

    Ved tredje gongs brot skal tenesteleiar gje endå ei skriftleg åtvaring, på vedlagde
    skjema. Kopiar vert å sende dei same personane som ved åtvaringa andre gong. Det
    skal no samankallast til eit møte mellom alle dei impliserte, personen sjølv,
    hovudkontakt, BHT og tenesteleiar evt. i tillegg til personkontakt og tillitsvald. Dersom
    desse vurderer Akan-opplegget som positivt, held dette fram med evt korrigeringar.
    Dersom ikkje, vert saka teke opp med rådmannen/personalsjefen som ei vanleg
    personalsak.

5. Moment som må klargjerast i eit individuelt akan-opplegg

Avtalar som vert inngått med enkeltpersonar skal gjerast skriftleg og avklare følgjande
punkt:

Kontaktform
Kor ofte, med kven, kva dagar og kvar.
Kven skal personalkontakten gjere, kor ofte, kor mykje tid skal brukast.
Kva rolle skal hovudkontakten ha.
Kontakt med VHP, korleis og kor ofte.

Leiar sitt ansvar
Den daglege oppfølginga på arbeid.
Eventuelle tidsavgrensa forandringar av arbeidet (t.d. arbeidstakar med farleg arbeid).
Avtale naudsynte informasjonar.

Fråvær
Kven skal ha melding, på kva måte.
Kva skjer dersom det ikkje vert meldt frå.
Kven skal vere fastlege
Bruk av eigenmeldingar.
Heimebesøk, i så fall av kven.

Tilbakefall/»sprekk»
Trekk av løn ved fråvær?
Kven skal informerast?
Kven gjer kva?

6. Hjelpetiltak

Arbeidstakarar med rusmiddelproblem får tilbod om hjelpetiltak og tilbod om
behandling utarbeidd av hjelpe/støttegruppa i samarbeid med den som har problem.

Tiltaka kan mellom anna vere tilbod om:

  • rådgjeving, samtale og motivering
  • medisinske undersøkingar, avvenningskur
  • henvising til institusjon for behandling
  • oppfølging/ettervern

7. Særskilde stillingar

Der det i verksemda er arbeidstakarar med oppgåver der ein evt sprekk ville utgjere ein
særskild risiko, skal det gjennom HMT- systemet sin tenestedel slåast fast at Akanopplegg
ikkje kan nyttast utan nærare avtale. Eit slikt opplegg bør kunne leggast opp
med krav om dagleg testing, eller ein får andre arbeidsoppgåver i perioden for Akanopplegget.

Tilsette med offentleg godkjenning, der rusmiddelbruk er ein spesiell fare for andre, bør
ha eit klart høve til om det skal rapporterast til dei godkjennande myndigheiter når
nokon frå personalet er i eit Akan-opplegg.

Vedlegg 1: Første åtvaring

Vedlegg 1.

Første åtvaring for brot på Personal-og arbeidsreglementet i høve AKAN-reglementet i Flora kommune


________________ stadfester med dette å ha motteke ei åtvaring i høve AKAN- reglane i
Flora kommune.


I ein samtale med (leiar)___________________________ er det gitt informasjon om
kommunen sine reglar og formelle prosedyrar.


Det er informert om at AKAN-kontakt og BHT vil få kjennskap til denne åtvaringa, og
om mogleg for å få ein rådgjevande samtale med desse.

______________________________________
(stad/dato)

___________________________________ ________________________
arbeidstakar leiar


NB! Flora kommune vil gjere merksam på at åtvaringa er å sjå på som teke bort etter to
år, dersom nye åtvaringar for same tilhøve ikkje finn stad.

Kopi: BHT

Vedlegg 2: Andre åtvaring

Vedlegg 2

Andre åtvaring for brot på Personal-og arbeidsreglementet i høve AKAN-reglementet i Flora kommune


Til:______________________ Dato:_________________________

Vi syner til åtvaring, som vart gjeve _______________ (dato).
 
På bakgrunn av at du ____________   (dato) nok ein gong har brote Personal-og arbeidsreglementet ved å
(konkret utgreiing om hending) får du med dette andre gongs åtvaring.

Flora kommune vil tilby deg eit individuelt tilpassa AKAN-opplegg i høve reglane vi har for dette. Målet er at du skal få naudsynt støtte slik at arbeidstilhøvet kan halde fram.

Eg ber deg om å møte til samtale på kontoret mitt ____________________( dato og klokkeslett)

Etter samtalen ventar vi på avgjerda di til _______________(dato)

Dersom du ønskjer det kan tillitsvald vere med. Ønskjer du meir informasjon før du bestemmer deg for om du vil ta imot tilbodet om eit individuelt AKAN-opplegg , kan du ta kontakt med AKAN-kontakt eller bedriftshelsetenesta.
Dersom du finn å ikkje ta imot tilbodet , vert tilsettingstilhøve i Flora kommune vurdert som ei ordinær personal-
/disiplinærsak.

Flora kommune gjer merksam på at åtvaringa er å sjå på som teke bort etter to år, dersom AKAN-opplegg er gjennomført utan nye brot på personal- og arbeidsreglementet.
_______________________________ (leiar)


Orienteringa om denne åtvaringa er gitt til AKAN-kontakt, BHT og tillitsvald.

Eg stadfestar me dette å ha motteke åtvaringa datert _______________________

Eg ønskjer/ønskjer ikkje (stryk det som ikkje høver) å inngå avtale med Flora kommune om eit individuelt tilpassa AKAN-opplegg i samarbeid med BHT, AKAN-kontakt og leiar.


__________________ (dato) ________________________ (arbeidstakar)
 

Kopi: BHT

Vedlegg 3: Tredje (ytterlegare) åtvaring

Vedlegg 3.

Tredje (ytterlegare) åtvaring for brot på Personal- ogarbeidsreglementet, i høve AKAN-reglane i Flora kommune

Til: ____________________________ Dato: __________________
 

Vi syne til første åtvaring, gitt _________ (dato),og andre/ytterlegare åtvaring/åtvaringar gitt _______ (dato), samt avtale om eit individuelt AKAN- opplegg inngått __________ (dato)

Dette er _________ gongs åtvaring i høve AKAN-reglane i Flora kommune. Åtvaringa vert gjeve med bakgrunn i (konkret utgreiing om hending):
 

Du vert med dette kalla inn til eit møte ______________ (dato) saman med BHT, AKAN-kontakt og underteikna (+ ev tillitsvald og personkontakt).

Siktemålet med møtet er å gjere opp status og vurdere om det er teneleg å halde fram med AKAN-opplegget. Dersom avtalen om eit individuelt AKAN-opplegg ikkje vert fornya, vil saka bli sendt til rådmannen/personalsjefen som ei ordinær personal-/disiplinærsak.

_________________________
(leiar)

Orienteringa om denne åtvaringa er gitt til AKAN-kontakt, BHT og tillitsvald (dersom du er organisert)

Vedlegg 4: Standardavtale for individuelle AKAN-opplegg

Standardavtale for individuelle AKAN- opplegg i Flora kommune

Denne avtalen er inngått mellom _________________ (arbeidstakar) og Flora kommune v____________________ (tenesteleiar/avd.leiar).

Det er orientert om gjeldande prosedyrar for handsaming av saker kor tilsette i Flora kommune har brote Personal-og arbeidsreglementet med omsyn til
ruspåverking/rusmidlar eller ev pengespel.

Alle som teiknar under på dette dokumentet, forpliktar seg til eit gjensidig samarbeid  om opplegget, både den generelle delen og den individult tilpassa delen.

Eventuelle endringar, både av den generelle delen og den individuelt tilpassa delen, må gjerast skriftleg og i forståing med alle som har underteikna dokumentet.


GENERELL DEL
Opplegget skal gjelde frå dags dato og i to år framover.

Opplegget vert evaluert/vurdert første gong (dato) ________ (nærare plan for oppfølging i den individuelle delen)


Når opplegget vert evaluert/vurdert skal følgjande personar delta:
_______________________ (arbeidstakaren)
_______________________ (tenesteleiar/ev avd.leiar)
_______________________ (AKAN-kontakt)
_______________________ (BHT)
_______________________ (ev også tillitsvald og personkontakt)

Behov for vurdering kan oppstå dersom ___________________ (arbeidstakar) bryt Personal-og arbeidsreglementet og får ei ny åtvaring jf retningslinene. Ei ny vurdering skal gjerast ved brot på avtalen for det individuelle opplegget eller ved manglande oppfølging frå ein av partane. Justering av avtalen kan også bli aktuelt ved positiv utvikling.

Fastlege: __________________

Fastlegen vert orientert om AKAN-opplegget. Sjukmelding kan berre gjevast av
fastlegen.

_________________ (arbeidstakar) skal melde frå til næraste leiar om fråvær, uansett årsak, så tidleg som mogleg etter ved starten på arbeidsdagen. (rutinar ved fråvær i den individuelle delen)
 

INDIVIDUELL DEL
I tillegg til opplegget i den generelle delen, er det også gjort avtale om følgjande :
(momentliste, pkt 5)

___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________


Stad________________, ______/_____ 20_____


__________________________________________________________________________
Arbeidstakar AKAN-kontakt BHT Leiar