Ansvar

Rådmann: Er øvste ansvarlege for HMS og eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Personalsjef: Er den som utfører ein del av rådmannen sine oppgåver i det praktiske.

Tenesteleiar: Er ansvarleg for utforming av internkontontrollhandboka del 2 for sitt område, og for at den vert følgd.

Mellomleiar/avdelingsleiar: Har det praktiske ansvaret for å følgje opp internkontrollhandboka.

Tillitsvald: Les meir om din rolle som tillitsvald ved å trykke på lenka.

Tilsette: Skal sette seg inn i rutinane som er sett opp og følgje desse, og melde tilbake om feil og manglar.

Verneombod: Ivareta dei tilsette sine interesser i forhold til arbeidsmiljø.

Hovudverneombod: Samordne alle verneomboda, talsperson i forhold til arbeidsgjevar.

Arbeidsmiljøutval (AMU): Koordinere det overordna arbeidsmiljøarbeidet.

AKAN-utval: Koordinere det rusførebyggande arbeidet.

Bedriftshelsetenesta: Skal hjelpe bedrifta med å ha oversikt over dei tilsette si helse, fremme eit godt arbeidsmiljø og førebygge helseproblem grunna arbeid.

Arbeidslivssenteret: Les meir om dette ved å trykke på lenka.

12. november 2015 Henrik Ulriksen