Båtar på hamna

Arealoverføring (matrikkellova §15)

 

Det er Ressurs- og arealforvaltning som sakshandsamar og avgjer søknaden.
Det er ein føresetnad at rekvirent (søkjar) må vere heimelshavar eller person med fullmakt (i andre høve blir det vist til lov). 
 
Søknaden må innehalde:
Skjema må vere utfylt og underteikna av heimelshavar(ar)/festar(ar)/ advokat.  Både heimelshavar og festar har rett til å rekvirere oppmålingsforretning.
Utfylt gjenpart av nabovarsel i kvittert stand. Nabovarsel sender ein rekommandert, postverkets kvittering på gjenpart av nabovarsel eller ved personlig underskrift av naboar. Dersom festar rekvirerer, skal heimelshavar ha nabovarsel, og motsett.
Eventuell kopi av eksisterande matrikkelbrev med påteikning av ynsket deling.
Situasjonskart med målestokk 1:1000 eller 1:5000, påført naboeigedommen sitt gbnr. Det kan du finne på kartportalen eller ta kontakt med Tenestetorget for å få utskrift av dette. 
Eventuell kopi av gjeldande skøyte/festekontrakt og skylddelingsforretning (skuldskifte). 
 
Gebyr etter punkt 3.4.1 i gebyrregulativet.
 
Meir info: