Ytteroyane

Arealplanleggjar, vikariat i perioden dd. til 31.12.2015

Flora_kommune_logo_lite.gif Søknadsfrist 01.12.2014

Vi ønskjer oss ein dyktig og engasjert person med relvant høgre utdanning innan arealplanlegging med GIS-kompetanse. Oppgåva vil vere todelt; 1. handsaming av private og kommunale planar, 2 forvaltning av digitale plandata. Samarbeid med private og kommunale aktørar, for å komme fram til gode planløysingar, vil vere sentralt i jobben. Vidare vil det vere viktig å ha evne og komptetanse til å fullføre planane med omsyn til kartforskrifta og forvaltningssystemet forøvrig.

Vi kan tilby:

  • Utfordringar i ein kommune kor det skjer myke og kor vi vil mykje.
  • Hyggelege og flinke kollegar
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

    Du:
  • Du må vere kjent med plan- og bygningslova og dei krav den stiller til arealplanlegging.
  • Du må ha relevant høgare utdanning. Dette for at vi skal kunne samarbeide på eit fagleg høgt nivå med søkjarar og samarbeidspartnarar om utvikling av byen og kommunen.
  • Har lyst på nye utfordringar. Jobben vil innebere til dels store utfordringar fagleg, og ikkje minst i høve til høgt tempo og store, og til dels ulike forventingar frå mange hald.
  • Du må ha normalt gode kunnskapar om bruk av vanlege IKT verktøy. Det vil vere ein stor fordel om du beherskar GisLine og/eller Autocad /Focus arealplan.
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. I jobben skal du produsere ulike formelle dokumenter, skrive politiske saker og utforme andre dokumenter. Skriftspråket i Flora kommune er nynorsk.

Tilsetting snarast.

www.flora.kommune.no

Søknadsfrist 01.12.2014

Kontakt/spørsmål


Rolf Bjarne Sund
Plansjef
E-post rolf.bjarne.sund@flora.kommune.no
Tlf. 91710500

Søknad sendast elektornisk her.