Ytteroyane

Solbakken asylmottak

Solbakken asylmottak blei lagt ned 31.08.2018
Solbakken asylmottak var ein av tre einingar i Innvandrarsenteret med eigne faglege og administrative føringar og krav frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Leiaren av asylmottaket rapporterte direkte til dagleg leiar i Innvandrarsenteret.

Asylmottak er eit frivillig bu-tilbod til flyktningar i Noreg. Bebuarane har ulike plikter dei må følgje opp på mottaket. Dei er ansvarlege for matlaging, reinhald og for å halde uteområdet i god stand. Dei pliktar også å gå gjennom eit obligatorisk informasjonsprogram der dei mellom anna lærer om norsk kultur og samfunn. To gonger i månaden får dei utbetalt pengar til livsopphald, men om dei ikkje følgjer opp obligatorisk aktivitet vert det trekk i utbetalinga. Likeeins om dei skaffar seg arbeid medan dei ventar på svar på søknaden, må dei betale husleige til mottaket.

Bebuarane får tilbod om inntil 175 timar med norskopplæring. Mottaket låg i utkanten av Florø sentrum. 

Litt historikk
Solbakken asylmottak vart formelt opna 1. desember 1993. Den utløysande årsaka var trongen for mottaksplassar til flyktningar frå krigen i tidlegare Jugoslavia.
Den siste driftsavtala med UDI gjaldt til 31.12.2020, men blei avslutta tidlegare fordi svært få personar har søkt asyl i Norge dei siste to åra. Maks tal bebuarar var 130. I løpet at dei nesten 25 åra asylmottaket har eksistert har det budd om lag 3500 asylsøkarar her. Vi har husa asylsøkarar frå nærare 50 nasjonar i løpet av desse åra.  Sidan asylmottaket var eigd av Flora kommune, var det naturleg at vi hadde eit tett og godt samarbeid med kommunen og aktuelle tenester der. Dette samarbeidet gav drifta av asylmottaket ein heilskap som kom asylsøkjarane til gode. Mottaket har alltid hatt eit godt forhold til lokalbefolkninga i Florø