Skulestart Florø barneskole

Avlingsskadeerstatning og arealtilskot i landbruket

Den langvarige tørkeperioden og varmt ver førar til stort omfang av avlingsskadar i både korn- og grovfôrproduksjonen. Situasjonen med fôrmangel som vi no er oppe i er så spesiell at Landbruks- og matdepartementet har kome med nokre presiseringar i korleis ein i år skal praktisere regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot.

Landbruksdirektoratet har no publisert rundskriv 2018-24 med presiseringar for avlingsskadeerstatning og arealtilskot - søknadsåret 2018.

Sjå også artikkel om presiseringar knytt til avlingsskadesituasjonen.