Båtar på hamna

Avløpsvatn

Avløpsvatn/kloakkslam
Om lag 79 prosent av dei som bur i Flora kommune er tilknytta offentleg avløpsnett. avløp

Kommunalt avløpsnett er bygt ut i Florø, Brandsøy (vest for Brandsøysundet), Eikefjord og delar av Steinhovden.

Avløpsvatn vert samla opp frå kommunens abonnentar i eit avløpssystem som består av rundt 59 km leidningar, 18 stk. kloakkpumpestasjonar, 17 stk. kommunale slamav-skillarar og 1 stk. silanlegg.

Det er 21 kommunale kloakkutslepp i Florø/Brandsøy og tre kommunale kloakkutslepp i Eikefjord/Nesjane. I tillegg er det eit kommunalt kloakkutslepp i Steinhovden.

Avløpsanlegget består i hovudsak av fellessystem (spillvatn og overvatn i same leidning) for eldre områder, og separatsystem (spillvatn og overvatn separert) for anlegg bygt etter 1980.

Før avløpsvatnet vert ført til utsleppsleidningar i sjø vert kloakken reinsa gjennom slamavskillarar/silanlegg.

Dei kommunale slamavskillarane har eit samla volum på ca 2700 m³ der hovuddelen ligg i Florø.

I silanlegget som er plassert i Stranda går kloakken gjennom ei sil og blir på den måten reinsa før spillvatnet blir ført til sjø. Slammet som vert liggande igjen i sila blir samla opp i containar og transportert til kommunen sitt avfallsanlegg i Purkehola.

Det finst i dag ca 2250 stk. private slamavskillarar i kommunen med storleikar frå 0-16 m³. Hovuddelen ligg i segmentet 0-4,5 m³. Det finst 37 stk. private slamavskillarar over 16 m³.


Kloakkslam frå silanlegg og slamavskillarar vert transportert til Bioplan Noreg AS sitt anlegg i Purkehola der det går gjennom komposteringsanlegg og gjort om til jord. Jorda blir vidare brukt som fyllmasse på søppelplassen. 

Overvatn
Med overvatn meiner ein det vatnet som ved nedbør renn av frå terreng, gater, veg-anlegg, tak og andre overflater. Mengda overvatn som vert leda til leidningsnettet er bestemt av nedbørsmengda i området, topografi grunnforhold og typen overflater. Frå tettbygd strøk og trafikkerte gater kan overvatnet vere så forureina at det bør sleppast ut i god resipient.

Flora kommune har generelt krav om at overvatn skal ha utslepp på kote –5 m i sjø der tilhøva ligg til rette for det.

Arbeid på eksisterande kommunalt avløpsnett
Før det kan utførast arbeid på eksisterande kommunalt avløpsnett må det sendast inn røyrleggarmelding til teknisk drift og prosjektleiing.

Private stikkledningar
Det vert rekna som privat stikkleidning til og med tilknyting på kommunal leidning. Det er eigar som har ansvaret for vedlikehald og drift av privat stikkleidning. Har du behov for gå over annan grunneigar sin eigedom for å knytte deg på kommunal leidning krev dette skriftleg løyve frå vedkommande grunneigar. Slikt løyve bør tinglysast.

Leidningskartverk
Kommunen har digitale kart over nesten alle kommunale vass- og avløpsleidningar. Har du spørsmål angåande leidningskart, ta kontakt med teknisk drift og prosjektleiing i Flora kommune. Leidningskartverket er også tilgjengeleg gjennom kommunens kartportal på internett.

Gebyr ved tilknyting til kommunel avløpsleidning
Ved tilknyting til kommunal avløpsleidning skal det betalast tilknytingsgebyr og årsgebyr.

Matavfallskverner
Matavfallskverner er ikkje tillatt i Flora kommune. Forbodet er nedfelt i Forurensingsforskriften.