Skulestart Florø barneskole

Båtruter i Flora-bassenget 17. mai

Flora kommune har sett opp båtrute 17. mai som skal rekke inn før barnetoget startar.

  • Alle stopp må tingast innan kl 21:00 kvelden før, 16. mai.
  • Kontakt M/S Dagning tlf. 941 50 594.

Morgon
Avgang Florø kl. 06:15. Ruta vil kun stoppe på øyene som har bestilt på førehand. Ankomst Florø kl. 08:30.

Ruta går slik, om stoppa blir bestilt på førehand: Florø – Svanøy – Askrova – Rognaldsvåg – Fanøy – Barekstad -Villevik – Florø. (Med mellomliggande stopp). Dersom stor pågang og geografisk spreiing, vurderer vi å sette inn ekstrabåt for å kutte ned på reisetida.

Midt på dag
Avgang Florø kl. 13:00. Ruta vil kun stoppe på øyene som har bestilt på førehand, eller der passasjerer som er med ut frå Florø skal til. Ankomst Florø kl. 15:15.

Kveld
Det går ikkje kveldsruter 17. mai.

Bil?
Ruta blir ikkje bilførande.

Pris
Det blir tatt vanleg billettpris.

 

Flora kommune
Rådmannen