Seglbåt med jente

Badeanlegget Havhesten og driftsproblem

På vegne av Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i Havhesten KF:

Dei mange besøkjande i badeanlegget Havhesten har helt sikkert merka i løpet av september, og hittil i oktober månad, at komforten for et hyggeleg besøk i badeanlegget ikkje har vore helt til stade. Dette er ein tilstand som både personalet og styret på Havhesten ikkje føler seg komfortabel med.

Status i Havhesten
Grunna at anlegget er teknisk nedslitt etter 19 års bruk, og rehabiliteringa har blitt forsinka, har stadig fleire utfordringar i den daglege drifta meldt seg på. Som besøkande i denne perioden sikkert har merka seg, har temperaturen i bassenga våre for lav, og spesielt gjeld det terapibassenget. Årsaka til temperaturen har vore for lav er ein utslitt el kjel som produserer under 50% av normal kapasitet. Vidare har badestoveomnen i kvinnegarderoba streika, og temperaturane i garderobane har generelt vore for lave. Dette er noko også dei besøkande i anlegget har gitt tilbakemeldingar om, og det er bra slik at vi raskt får ta tak i problema. 

Utbetring  av anlegget
I møte den 11. oktober gjorde styret i Havhesten vedtak om at desse problema må utbetrast snarast. Det er bestilt ny el kjel og badestoveomn. Begge desse innkjøpa er driftsvarige investeringar som vil brukast vidare etter rehabilitering av anlegget.  

Det er også bestilt vifteomnar til begge garderobar som vil tilfredstille riktig temperatur.

Desse installasjonane og utbetringane skal vere oppdatert, så det er berre å planlegge mange koselege besøk i Havhesten utover seinhausten og vinteren. 

Framdrift rehabilitering
Som kjent for dei fleste innbyggarane i Flora kommune skal no Havhesten rehabiliterast. Dette arbeidet skulle vore starta i sommar, men vart utsatt grunna høgare anbodssum en det som bystyret satt som budsjettgrense på 43 millionar kroner inkl. mva. 

Flora kommune sin bygg og eigedomsavdeling er no med i prosjektet, og saman har vi en tydeleg målsetting om at ein skal vere klar med å starte rehabiliteringsprosjektet seinast 01. mars 2019.

Badeanlegget vil då få en betydeleg ansiktsløfting, og et tilbygg som estetisk vil bli godt tilpassa. Samtidig vil ein også sjå på fjellvarme som ein alternativ varmekjelde for betydeleg innsparing av straumutgifter på Havhesten, som per dags dato nesten er på 1 million kroner i årlege driftsutgifter. Fjellvarme som energikilde har særs gode referansar blant anna i Vågsøy kommune.

Her vil ein kome tilbake med ei sak til Flora bystyre for budsjetthandsaming i desember.