Ytteroyane

Barn med særskilt behov

For at barn som har behov for ekstra utviklingsstøtte får hjelp så tidleg som mogleg, er det utvikla eit fleirfagleg samarbeid mellom tenester i Flora kommune; Fleirfagleg blikk. Gjennom tverrfagleg samarbeid mellom barnehage, helsestasjon, barnevern, PPT og Fysio-ergoterapiavdelinga, er det fokus på førebygging og tidleg innsats. Det er viktig å identifisere innsatsområde tidleg både på individ- og systemnivå, og dette gjer vi best ved å samordne tiltak der det er naudsynt - "ei dør inn", for så å tilvise til rette instans for vidare oppfølging.

Du finn meir informasjon om Fleirfagleg blikkwww.flora.kommune.no

Barnehagelova gjev barn under opplæringspliktig alder rett til spesialpedagogisk hjelp dersom barnet har særleg behov for det. Barnehagelova gjev også barn under opplæringspliktig alder med nedsett funksjonsevne, rett til individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet. I nokre høve har barnet behov for både spesialpedagogisk hjelp og for tilrettelegging av barnehagetilbodet.

Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn som bur i kommunen. Kommunen har også ansvar for at barn med nedsett funksjonsevne får eit tilrettelagt barnehagetilbod dersom barnet ikkje kan nytte seg av det ordinære barnehagetilbodet.

Kapittel V A i barnehagelova utdjupar barnet sine rettar og kven som har ansvaret for dette. Meir informasjon og rettleiing om emnet er å finne på www.udir.no

Det er utarbeidd eigen prosedyre for barnehagane i Flora kommune, slik at barn med særskilt behov får innfridd retten til spesialpedagogisk hjelp og/eller tilrettelegging av barnehagetilbodet.

Rett til spesialpedagogisk hjelp

Om barnet har særskilte utfordingar, kan det ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Barnet kan ha rett til hjelp frå fødselsen av, og uavhengig av om det går i barnehage eller ikkje. (Barnehagelova §19 a).

Målet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av t.d. språkleg og sosial dugleik. Spesialpedagogisk hjelp kan t.d. vere trenings-  og stimuleringtiltak for barnet, eller støtte til dei som jobbar i barnehagen. Den spesialpedagogiske hjelpa skal vere tilpassa barnet sitt behov. Foreldre vil de alltid få tilbod om rettleiing.

Om du er bekymra for utviklinga til barnet ditt og bed om spesialpedagogisk hjelp, vil kommunen sørgje for at PPT (pedagogisk- psykologisk teneste) utarbeidar ein sakkunnig vurdering som vert lagt til grunn når det vert gjort vedtak om spesialpedagoogisk hjelp.

Barnehagen eller kommunen kan også be om at PPT utarbeider sakkunnig vurdering for eit barn. Kommunen vil alltid involvere foreldre og få samtykke før det vert tatt avgjerd som gjeld barnet. Foreldre vert involvert og kan uttale seg i prosessen frå tilmelding til PPT for sakkunnig uttale, til det vert fatta einskildvedtak. 

Vedtak om spesialpedagogisk hjelp omfattar:

  • Kva hjelpa skal gå ut på
  • Kor lenge hjelpa skal vare
  • Timeomfang pr veke/år
  • Korleis hjelpa skal organiserast
  • Kva for kompetanse dei som gjev hjelpa skal ha
  • Tilbod om foreldrerådgjeving

Her finn du skjema for søknad om spesialpedagogisk hjelp.

Foreldre kan klage dersom barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp, og på vedtak om spesialpedagogisk hjelp (innhald, gjennomføring og organisering av hjelpa). Fylkesmannen er klageinstans.

Tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne

Dersom barnet har eit tilretteleggingsbehov på grunn av nedsett funksjonsevne, har kommunen ansvar for at barnet får eit tilrettelagt barnehagetilbod  (Barnehagelova § 19g). Kommunen har plikt til å tilrettelegge barnehagetilbodet dersom tilretteleggingsbehovet er større enn det barnehageeigar kan gjere innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Det skal veljast effektive tilretteleggingstiltak i samråd med barnet sine foreldre, der barnet sitt beste skal leggast til grunn i vurderinga.

Kva er nedsett funksjonsevne?

Omgrepet nedsett funksjonevne skal tilleggast same innhald i barnehagelova som i anna lovverk, m.a. likestillings- og diskrimineringslova. Nedsett funksjonevne er definert som "Tap av, skade på eller avvik i en av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjoner", og omfattar fysiske, psykiske og kognitive funksjonar.

Døme på dette kan vere nedsett syn eller høyrsel, nedsett røyrslefunksjon, hjartesjukdom, lungesjukdom og diagnosar innanfor autismespekteret. Nedsett kognitiv funksjonsevne kan vere redusert evne til mentale prosessar som språk, hukommelse, bearbeiding av informasjon, problemløysing og tilleigning av kunnskap og erfaringar.

Kva er særskilt tilrettelegging?

Konkrete tilretteleggingstiltak skal vere hensiktsmessige for å imøtekomme barnet sine behov, 

og skal bidra til at barnet skal kunne gå i barnehage og nyttiggjere seg barnehagetilbodet og få likeverdige aktivitets- og utviklingsmoglegheiter som andre barn.

Døme på tilrettelegging kan vere endring av bygg, støtte til utstyr som barnet treng, ekstra bemanning og opplæring av personalet.

Treng barnet særskilt tilrettelegging?

Om barnet har nedsett funksjonsevne treng ikkje det å bety at barnet treng særskilt tilrettelegging. Barnet sin nedsette funksjonsevne skal vurderast i kvart einskild tilfelle, og barnet sitt funksjonsnivå skal sjåast i samanheng med situasjonen barnet befinn seg i. Både barnehagen og kommunen har ansvar for å vurdere om barnet har behov for tilrettelegging i barnehagen på grunn av funksjonsnedsetting.

Krav om individuell tilrettelegging

Når det vert sett fram krav om individuell tilrettelegging, må barnet sin nedsette funksjonsevne og eventuelle behov dokumenterast. Aktuelle instansar som kan uttale seg er t.d. helsetenesta, barnevernstensta og barnehagen. Barnet sine foreldre skal uttale seg om det er andre som set fram krav om tilrettelegging. I tillegg skal barnet sine synspunkt vektleggast.   

Foreldre si rolle

Foreldre treng ikkje å søkje om tilrettelegging for barnet sitt. Om kommunen får kjennskap til at eit barn har behov for tilrettelegging som er meir omfattande enn det barnehagen kan gjere innanfor det ordinær barnehagetilbodet, skal kommunen av eige initiativ sette i gang tiltak og varsle foreldre som får muligheit til å uttale seg før det vert gjort vedtak.

Foreldre kan vere ueinige i kommunen si vurdering av om barnet har nedsett funksjonsevne, og ikkje ønskje tilrettelegging. Kommunen har tilretteleggingsplikt og skal gjere vedtak om tilrettelegging ut frå opplysningar i saka og til barnets beste. Foreldre kan klage på vedtak til Fylkesmannen.

Som foreldre kan de ta kontakt med barnehagen der barnet går, og få rettleiing dersom de har spørsmål om individuell tilrettelegging for dykkar barn.