Seglbåt med jente

Barnehage

Flora kommune skal vere ein attraktiv kommune for barnefamiliar å bu i og å flytte til. Det er vårt ansvar at tenestene har ressursar som gjev alle barn eit likeverdig tilbod og ei forsvarleg opplæring. 

I våre barnehagar har vi eit aktivt og utviklande læringsmiljø. Og det er viktig for oss at omsorg, leik og læring blir sett i samanheng. Barna får oppleve eit rikt lokalmiljø og kulturliv som også bidreg til samhald og forståing.

Barnehageplass

Det er lagt til rette for eit desentralisert barnehagetilbod for alle barn som bur i kommunen. Tilbodet omfattar 11 kommunale barnehagar og 2 private barnehagar. 

Det vert gjennomført eitt hovudinntak til ledige barnehageplassar kvart år, og søknadsfristen er 15. februar kvart år.  

I  menyen til venstre, under "Søknad om plass",  finn du meir informasjon om retten til barnehageplass.  

1.mars 2019 tek vi i bruk nytt administrativt barnehagesystem Tieto Education. Før du byrjar å søkje må du finne fram fødselsnummer (11 siffer) til både barn og føresette. 

Er du folkeregistrert i Flora kommune nyttar du denne lenka:

Er du folkeregistrert i annan kommune enn Flora eller manglar personnummer, nyttar du denne lenka:

Tilbod og oppseiing av barnehageplass

Ferie og Fridagar

Her finn du ei oversikt på ferie og fridagar:

Gebyr og satsar

Besøk sida for vårt gebyrregulativ for oversikt på satsar for foreldrebetaling i dei kommunale barnehagane. Vi tilbyr ulike plasstilbod med varierande opphaldstid, og prisar på kostnad per månad og kostpengar per månad vil variere ut i frå dette.