Båtar på hamna

Barnevern

Tenesta skal sikre i medhald av Lov om barneverntenester at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.

Slike særlege hjelpetiltak vert vurdert i nært samarbeid med foreldre og andre og kan til dømes vere foreldrerettleiing, barnehageplass, støttekontakt, avlastnings- og besøksheimar, tilbod om aktivitetar, økonomisk tilskot og tilsyn.

Tenesta tek imot søknader frå foreldre og born om hjelpetiltak og vurderer meldingar frå andre om born som vert utsette for omsorgssvikt. Vi iverkset og følgjer opp hjelpetiltak og omsorgstiltak som til dømes fosterheimar.

Tenesta rekrutterer og rettleiar besøksheimar, avlastningsheimar, støttekontaktar og fosterheimar

Vi gjev tilråding i adopsjonssaker og uttalar i trygdesaker.

I dette arbeidet samarbeider vi tett med helsestasjon, lege, fysio-/ergoterapi, PPT, barnehagar, skular, fylkesbarnevernet, BUP, politi, trygdekontor, advokatar, KIF og andre.